Foto: Illustrasjon.

Publisert 01.02.2016 14:29, oppdatert 01.02.2016 14:29 - NTB - tips@stottmedia.no

13 omkom i trafikken i januar

Sidan 1. november i fjor har 38 personar omkomme i trafikken, mot 19 i same periode i 2014-2015, viser tal frå Trygg Trafikk.

– Det er urovekkjande at talet på dødsulykker både i januar og i dei siste tre månadene samla har auka såpass mykje, seier direktør Jan Johansen i Trygg Trafikk.

Ni menn og fire kvinner omkom i trafikken i januar. Blant dei omkomne var ni bilførarar, to fotgjengarar, éin bilpassasjer og éin traktorførar. 

(©NPK)

Les også