172 sjåførar mista lappen

Publisert 04.08.2017 09:50, oppdatert 04.08.2017 09:50 - NTB - tips@stottmedia.no

172 sjåførar mista lappen

Aldri før har Utrykkingspolitiet (UP) på Vestlandet tatt så mange i trafikken på éin sommar. 172 mista førarkortet i juni og juli.

UP Vest har auka bemanninga i sommar. Ein statistikk dei har ført for juni og juli viser at 2.952 råkøyrarar vart tatt, og av dei mista 172 førarkortet, ifølgje Bergens Tidende.

Samtidig har 81 bilistar blitt tatt for ruskøyring. Over 600 har fått reaksjon for annan ulovleg åtferd bak rattet, mest for bruk av mobil.

Dei høge tala er blant anna eit resultat av meir mannskap ute på vegane. Relativt sett er det ein nedgang i tala, meiner distriktsleiar Terje Oksnes for UP på Vestlandet.

(©NPK)

Les også