17mai Sunnfjord

Publisert 16.05.2020 13:21, oppdatert 16.05.2020 13:24 - Erlend Dvergsdal - tips@stottmedia.no

17. mai i Sunnfjord kommune 2020

I år blir det ei anna 17. mai-feiring enn vanleg! Grunna koronasituasjonen er det lagt store restriksjonar på feiringa. Likevel skal vi feire nasjonaldagen og glede oss over sjølvstende og fridom i landet vårt.

 
Ei annleis feiring av 17. mai i 2020

17. mai er ikkje avlyst! Nasjonaldagen blir markert så verdig og breitt som mogleg ut frå dei smittevernreglane som gjeld.

Nasjonale rammer for feiring av 17. mai

Den sentrale feiringa i Førde sentrum vert strøyma av Firda frå Festplassen. 

Følg 17.mai feiring i Sunnfjord her

Nedanfor finn du 17. mai-program i Sunnfjord kommune

Førde 

07.00: Salutt
09.00: Flaggheising ved Førde helsetun, ute ved flaggstanga
                Appell ved Jenny Følling, leiar 17. mai komitéen
                Angedalen brunns-sextett spelar                     

10.00–ca 11.30: Musikk i Førde sentrum, ulike stadar v/Angedalen brunns-sextett, Kvitre.

11.00:  Festgudsteneste i Førde kyrkje. OBS! Kyrkja er ikkje open, vi oppmodar alle å følgje direktestrøyming over Firda.no. Prest: sokneprest Ingvald A. Frøyen. Kantor: Gro Gunnarson.

12.00: Festprogram frå Festplassen
OBS! Vi har ikkje høve til å samle folk på Festplassen, vi oppmodar alle til å følge direktestrøyming over Firda.no 
Programleiar: Tonje Trøen, Firda. 
Flaggborg ved elevar frå Førde ungdomsskule

  • «Napoleonmarsj», felleskorps - Førde skulemusikkorps med drilltropp, Slåtten skulemusikk, Førde musikklag.
  • Velkomst ved Jenny Følling, leiar 17. mai komiteen
  • «Gud signe vårt dyre fedreland», Kvinnekoret Kvitre, dirigent Gro Gunnarson
  • Helsing ved Olve Grotle, ordførar
  • Innslag frå musikalen «Annie» (Teater Vestland, Danseverkstedet, Kulturskulen)
  • Hovudtalar Jon Askeland, fylkesordførar Vestland
  • Edvard Grieg: «God Morgon», op 21, nr 2, distriktsmusikarane Christine Marøy, song og Noemi Utasi, piano
  • Appellar ved Russepresidentane Malene Ersvåg og Ingrid Leknes Nygård – Mo og Øyrane vgs, Bartosz Szatkowski – Hafstad vgs.
  • «Naar Fjordene blaaner», Buldre mannskor, dirigent Kjetil Andreas Håheim Nydal
  • «Gammel Jegermarsj», felleskorps

13.00: «Ja, vi elsker dette landet», vi syng saman med heile Noreg.

Her finn du teksten til Ja, vi elsker dette landet 

13.05: Bilkortesje Førde sentrum - frå Festplassen – direktestrøyma minutt for minutt.

Veteranbilar, veteranbussar, russebilar. OBS! deltaking etter avtale. Vi oppmodar publikum til å sjå kortesjen frå vegen og på direktestrøyming på Firda.no

Musikk ved distriktsmusikar Ole Nilssen, trekkspel

Rute: Utstillingsplassen – Angedalsvegen – Langebruvegen/Langebrua – Fjellvegen-Naustdalsvegen / Storehagen bru – Storehagen  - Langebruvegen til Helsetunet – Gang/sykkelveg ved Helsetunet - Kyrkjevegen – Angedalsvegen - Fossabrua– Vievegen- sving inn ved sjukehuset – Vievegen - over Viebrua - til venstre i rundkøyringa og inn på Coop Extra sin parkeringsplass.

14.00: Bilkortesje Sunnfjord – frå Coop Extra, Brulandsvellene

Ope for alle store og små køyretøy! Velg destinasjon: Naustdal, Sande eller Skei. Oppstilling på Coop Extra 13.00 – 13.30.

Rute: Coop Extra Brulandsvellene – Viebrua – Vievegen – Fossabrua – Angedalsvegen – Storehagen – Naustdalsvegen - i rundkøyringa ved Bergum tar Naustdal-kortesjen rett fram, alle andre tilbake til rundkøyringa ved Førde hotel – her tar Sande-kortesjen til høgre. Resten følgjer E39 til rundkøyringa på Brulandsvellene, og Skei-kortesjen køyrer rett fram, medan resten av kortesjen køyrer til Coop Extra og endar der.

Vi oppmodar deltakarane i kortesjane om å ta turen vidare i vakre Sunnfjord kommune og besøke t.d. Vevring, dalen i Naustdal, Bygstad, Viksdalen, Haukedalen, Holsen, Stardalen, sørsida Jølstravatnet, Solheimsdalen, Angedalen.

Bygstad

09.00: Flaggheising, Bygstad Skule

Haukedalen

08.00: Flaggheising og salutt

12.45: Velkomsthelsing på skuleplassen ved 17. maikomitéen, fellessong.

13.00: «Ja, vi elsker dette landet» på kyrkjebakken, eller ved Frøysland skule, saman med heile Noreg. Tog med 1 meter avstand. Korps og trekkspel. 

13.45: Program ved skuleelevar, 17. maital. Fellessong. 

14:15: Leikar og prat. Sal av is og brus (kun vippsbetaling)

15.30–16.30: bilkortesje frå Førde kan kome innover dalen. Vi oppmodar alle om å helse med flagg. 

Det kan vere inntil 50 pesonar på programmet mellom 12.45 og 16.00, og arrangementet er berre for innbyggarar i Haukedalen. Vi ber om at dei som melder seg på, blir med på heile feiringa sidan vi berre kan vere 50 personar. Bli det fleire enn 50 personar som ønsker å delta, blir barn med foreldre prioritert. 

Påmelding: Innan fredag 15. mai klokka 12.00 til telefonnummer: 924 82 368.

Hestadgrend

18.00: Bilkortesje rundt Hestadfjorden. Avreise frå bedehuset. Blir det vêr til det, oppmodar 17. mainemnda folk til å ta med eigne stolar, kaffi og eigne kaker så ein kan ha det kjekt i lag. 

Naustdal

09.00: Flaggheising, kommunale bygg

12.30:  «Køyr inn gudsteneste» ved parkeringa på Coop Extra, v/Rigmor Frøyen, Erlend Os m fleire. Vi avsluttar kl. 13.00 med å syngje «Ja, vi elsker dette landet» saman med heile Noreg (arr. med atterhald om godkjenning)

ca.15.00:  Mottaking av bilkortesje, vi oppmodar publikum om å oppleve dette frå eigen hage, balkong eller i mindre grupper langs vegen.

Sande

07.00: Salutt
marsjerer i Klokkargarden (10.30),  Løvfallsfeltet (11.00) og Steiafeltet (11.30) saman med brannbilar foran og bak skulemusikken. Publikum må oppleve dette frå eigen hage og frå på balkongar i dei aktuelle byggefelta.

12.30: Kransenedlegging ved minnestøtte, Sande sentrum

12.50: Sande omsorgssenter, Sande og Bygstad skulemusikk spelar og sokneprest Frode Skeide framfør helsing til bebuarane.

13.00: «Ja, vi elsker dette landet», vi deltar saman med heile Noreg.

ca. 15.00:  Mottaking av bilkortesje, vi oppmodar publikum om å oppleve dette frå eigen hage, balkong, i mindre grupper langs vegen.

Skei

07.00: Salutt

12.00: Ei gruppe frå Jølster musikklag spelar på Jølster omsorgssenter-Skei

13.00: Køyr inn-gudsteneste på parkeringsplassen ved Helgheim kyrkje (Viser til info nedafor)

ca. 15.30: Mottaking av bilkortesje, vi oppmodar publikum om å oppleve dette frå eigen hage, balkong, i mindre grupper langs vegen.

Vassenden

11.00: Køyr inn-gudsteneste på parkeringsplassen ved Jølstraholmen senter
Kyrkjelyden parkerer i bilar med 2 meters avstand og sit i bilane med vindauge ope.
Det vert satt opp plattform med høgtalaranlegg i god avstand til bilane.
Prestar: Silje Sørebø og Carsten Langeland, kantor: Rune Molvik.

13.00: Ei gruppe frå Jølster musikklag spelar ved Jølstramuseet (ute i tunet).

På ettermiddagen vil Vassenden skulemusikk spele ved omsorgssenteret på Vassenden, og så marsjere til Hjellbrekkefeltet. 17. mai komiteen oppmodar publikum om å nyte musikken frå eigen hage eller små grupper langs ruta.

Helgheim 

13.00: Køyr inn-gudsteneste på parkeringsplassen ved Helgheim kyrkje. Heile Noreg syng "Ja, vi elsker" kl 13.00. Vi startar difor gudsteneste med at vi syng nasjonalsongen i lag.
Kyrkjelyden parkerer i bilar med 2 meters avstand og sit i bilane med vindauge ope.
Det vert satt opp plattform med høgtalaranlegg i god avstand til bilane.
Prestar: Silje Sørebø og Carsten Langeland, kantor: Rune Molvik.

Viksdalen

08.00: Flaggheising på Viksdalen skule, helsing og fedrelandssongen. Vert filma og overført via Facebook. Biltog frå Rørvikfloten, Vikum, Roska og Mjell med samling i Vikja Kl. 13.00.

13.00: «Ja vi elsker dette landet» Vikja - vi deltar saman med heile Noreg.

Følg feiringa av 17. mai der du er

Vi oppmodar publikum om å oppleve feiringa frå eigen hage, på balkongar og i mindre grupper langs vegen om ruta går forbi deg, eller via strøyming på nett. 

NRK har som vanleg 17. mai-sending gjennom heile dagen som kan vere fin å få med seg. Kanskje får vi til eit innslag der frå Sunnfjord òg?

17mai

17.mai komiteen

17. mai komiteen for Sunnfjord kommune 2020.

Frå venstre: Eva Dale, Johan Bengtsson, Unni Kriken, Astrid Steinhaug, Grete Øen, Jenny Følling (leiar), Oddny Sønnesyn, Hilde Bjørkum.
Torun Vindheim er ikkje med på bilete.
Vennleg helsing 
Jenny Følling
Varaordførar og leiar i 17. mai-komitéen

17mai-komite

Kilde: Sunnfjord Kommune

Les også