30 år i Førde

Publisert 21.02.2017 19:18, oppdatert 24.03.2017 10:06 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

30 år i Førde

Torsdag begynner jubileumsfeiringa som skal markere at det er 30 år sidan Handelshuset opna dørene.

Førde: I 1987 starta det med 15 butikkar over eit areal på 6.000 kvadratmeter. I 2017 er dei 65 butikkar som omset for 585 millionar kroner på 40.000 kvardratmeter.

Handelshuset, eller Amfi Førde som det heiter i dag, har vore ein viktig bidragsytar innan handel i Førde, dei siste 30 åra. 

- Vi veit at Handelshuset har betydd mykje for byen og kundane våre i åra som har gått. Senteret har også vore ein trygg arbeidsplass for tusenvis av tilsette, som har starta yrkeskarrieren sin her, seier Mariann Njøsen, som har vore senterleiar i bygget sidan 2002.

Torsdag begynner feiringa som skal vare tre dagar til ende, med blant anna leik, dans, song, fyrverkeri og nattope på fredag.

- Litt ekstra pengar og litt meir arbeid frå vår side har vi jo lagt i denne feiringa, men vi meinar det er viktig å feire oss sjølve, seier senterleiar og marknadskoordinator, Helena Bremer Farsund, og legg til at feiringa skal kome kundane til gode.

- Så blir det samling og middag for tilsette på bygget i starten av mars. Men torsdag, fredag og laurdag er for kundane, seier Njøsen.

Eigen video-produksjon

Som ein del av oppkøyringa til 30-årsdagen har både Njøsen og Bremer Farsund lete ein kameramann dokumentere korleis dagane opp mot feiringa går føre seg på senteret.

- Det har vore artig å lage nokre episodar av «Livet på Amfi Førde», og vi merkar jo at folk legg merke til det. I talande stund er det vel over 40.000 visningar av dei to episodane. Det er kjekt, seier dei to, til Fordeby.no.

For å sjå kva som står på programmet desse tre dagane kan du klikke deg inn her.

For episode 1 av «Livet på Amfi Førde», klikk her. Og episode 2, her.

Les også