ALBERT & ANNA - RIKSTEATRET

Publisert 14.09.2017 13:16, oppdatert 14.09.2017 13:18 - - tips@stottmedia.no

ALBERT & ANNA - RIKSTEATRET

Kjærleik gjennom livets årstider

Frode Grytten er ein av våre mest folkekjære forfattarar, og med dette stykket har
han laga ei varm og vakker hyllest til livslang kjærleik. Vi kjem tett inn på Albert og Anna, to eldre menneske, som har elska kvarandre gjennom eit langt liv. Albert & Anna er historia om heilt vanlig kjærleik, den kjærleiken som ikkje blir sett av andre enn dei som deler han.

Som livspartnarar har Albert og Anna dyrka sin hage slik dei har dyrka kvarandre. Men no er Anna i ferd med å forsvinne, og når ho blir borte, er også Albert redd for å miste seg sjølv. I stykket treff dei igjen den unge Anna og den unge Albert. Humoristiske og varme tilbakeblikk skildrar samliv og samhald gjennom vekslande årstider.

Grytten fortel med dette ei sterk kjærleikshistorie. Han er elska for sine ærlige, morosame og gjenkjennelige forteljingar om vanlige menneskes uvanlige liv, og står mellom anna bak suksessane Bikubesong og Sånne som oss. Regien er ved Hildegun Riise og kjærleiken blir tonesett av Espen Leite, kjent for sin uvanlig vakre tangomusikk.

«Den enkle gleda ved å stelle i hagen saman med nokon. Den enkle gleda ved å lage kaffi til nokon. Den enkle gleda ved å halde rundt nokon.  Han tenker at om han står slik lenge nok, så kjem ho tilbake.»

På scena

Kari Simonsen, Anna Stine Robin Berg Hansen, Sverre Bentzen, Albert Kristoffer Sagmo Aalberg og Espen Leite.

Team

Av Frode Grytten. Regi: Hildegun Riise. Scenografi: Åse Hegrenes. Videodesign: Åsmund Bøe. Lysdesign: kunngjøres senere. Lyddesign: kunngjøres senere.

Her er eit utvalg av sitater frå kritikarane: 

«Med dette stykket har Frode Grytten skrevet seg inn i toppdivisjonen av norske samtidsdramatikere (…) Det er ømt, det er poetisk, det er vondt, det er vakkert, det er minneverdig.» BT, 6

«Dette er feelgood, men med en dose klokskap og velspilt vemod (…) Med tangoens brusende rytmer som akkompagnement er fortellingen om Albert & Anna blitt en varm og vemodig livsdans.» VG, 5

«Gryttens stykke er som en hymne til alminneligheten og utholdenheten, til det som er varig i en fragmentert verden.(…) Kari Simonsen og Sverre Bentzen er dypt rørende som det modne paret, og Stine Robin og Kristoffer Sagmo Aalberg er totalt overbevisende i sin unge forelskelse.» Aftenposten, 5

«en sterk beretning om samliv som forvitrer. (…) Kari Simonsen er fantastisk i rollen som Anna.» BA, 5

Framsyningslengde: 140 min (inkl. pause)

Av Frode Grytten. Regi Hildegun Riise

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Den Nationale Scene.

Klikk her for info og billettar

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7