BOKSLEPP: OPPTUR INDRE SUNNFJORD

Publisert 05.11.2018 14:48, oppdatert 05.11.2018 14:48 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

BOKSLEPP: OPPTUR INDRE SUNNFJORD

VELKOMEN TIL BOKSLEPP - OPPTUR INDRE SUNNFJORD

Presentasjon av boka.
Sal og signering. Gratis inngang.

Arrangørar: Selja Forlag – Indre Sunnfjord Turlag – Førdehuset

OPPTUR INDRE SUNNFJORD skildrar dei beste turopplevingane i det som frå 2020 er nye Sunnfjord kommune. Same kvar du er i indre Sunnfjord, så har du fabelaktige turområde rett utanfor døra. Boka innheld 166 fotturar, frå Førdefjorden og Dalsfjorden i vest til Jostedalsbreen og Gaularfjellet i aust, frå majestetiske Storehesten og Blægja, til byfjella i Førde og nærturar i alle bygdene.

 

OPPTUR INDRE SUNNFJORD har både lette og meir krevjande turar, med fyldig omtale, oppgitt vanskegrad, lengde og tidsbruk. Alle turane er teikna inn på kart og flyfoto. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går.
Stig Roger Eide frå Åndalsnes, busett i Førde, er tidlegare Firda- journalist og forfattar.

Finn Loftesnes frå Sogndal har vore fotograf i alle OPPTUR-bøkene. 
Prosjektleiar og kontaktperson: Torkjell Djupedal, Selja Forlag, 901 86 882, torkjell@selja.no

Les også