Bedrifter må slutte med dyre femsifra nummer

Publisert 29.06.2017 10:33, oppdatert 29.06.2017 10:33 - NTB - tips@stottmedia.no

Bedrifter må slutte med dyre femsifra nummer

Mange norske bedrifter brukar dyre femsifra nummer til kundeservice. Ein fersk dom gjer at det ikkje lenger skal vere lov å ta meir enn vanleg mobiltakst.

Det kan koste deg 30–40 kroner å stå i telefonkø i ti minutt hos banken, forsikringsselskapet eller straumleverandøren din viss du ringjer eit femsifra nummer frå mobil, fortel NRK. Dette vil styresmaktene ha ein slutt på.

Etter ein ny EU-dom har det blitt ulovleg for norske bedrifter å berre tilby dyre femsifra telefonnummer til kundane sine, ifølgje kanalen. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har foreslått at teleoperatørane endrar prisane på spesialnummera til vanleg grunntakst.

Saman med Forbrukarombodet vurderer no Nkom kva veg dei skal gå vidare og har planlagt eit møte denne veka.

– Dersom ikkje det er mogleg å komme til semje, vil vi gjennomføre ein tilsynsaksjon med næringsdrivande innanfor fleire bransjar for å sjå om dyre spesialnummer framleis vert brukt av kundeservice, seier nestleiar Bente Øverli hos Forbrukarombodet.

Nkom anslår at teleselskapa tente opp mot ein halv milliard kroner på femsifra nummer i 2016.

(©NPK)

Les også