Bøndene startar aksjonar med traktorkolonne

Publisert 18.05.2017 13:04, oppdatert 18.05.2017 13:04 - NTB - tips@stottmedia.no

Bøndene startar aksjonar med traktorkolonne

Bøndene startar torsdag aksjonar for å skape merksemd rundt landbruket, men lovar at folk flest ikkje vil bli skadelidande. 

Etter at det tysdag vart brot i forhandlingane mellom jordbruksorganisasjonane og staten, skal jordbruksoppgjeret til behandling i Stortinget 16. juni. No startar bøndene aksjonar med ein traktorkolonne på E39 frå Breim i Gloppen i retning Sandane frå klokka 10.

Fleire markeringar i vente

Bondelagsleiaren i Sogn og Fjordane seier aksjonane ikkje vil gå utover forbrukarane.

– Forbrukarane er våre viktigaste allierte, så det kjem ikkje til å gå veldig hardt utover folk flest, seier leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, til NRK torsdag.

Han seier dei vil samarbeide med publikum for å unngå problem med trafikkavviklinga.

Framover kan det ventast ulike markeringar frå bøndene for å skape merksemd rundt landbruket.

– Vi kjem nok til å markere framover no, det blir ei viss merksemd rundt landbruket. Den måten dei produserer mat på, skal vi prøve å profilere i dei dagane som kjem, sa Lars Petter Bertnes på NRKs Politiske kvarter torsdag.

Bondelagsleiar Anders Felde er klar for å kjempe.

– Vi rustar sjølvsagt til kamp. Vi skal vise kvifor vi ikkje greidde å bli einige med staten, seier Felde.

– Politisk spel

Morten Ørsal Johansen, Frps landbrukspolitiske talsmann, meiner jordbruksorganisasjonane takka nei til avtalen for å gi draghjelp til Senterpartiet i valkampen, ikkje fordi avtalen ikkje var god nok.

– Dette er eit politisk spel, det dreier seg ikkje om pengar. Sp skal ikkje tape ansikt i valkampen, sa han i Politisk kvarter på NRK torsdag.

Leiaren i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, seier det ikkje handlar om spel, men om realitetar.

– Vi skal ha ein levande norsk matproduksjon. Stortinget har vedtatt eit mål om å tette inntektsgapet. Det er ei viktig verdikjede for landet, og det må vere lønsamt å produsere mat, meiner Slagsvold Vedum.

Statens tilbod i oppgjeret har ei høgare ramme enn sluttresultatet som Bondelaget aksepterte i fjor og året før, men er langt under kravet på 1,45 milliardar kroner.

NTB

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7