Bosch’en i Lia fikser det!

Publisert 09.01.2017 12:39, oppdatert 09.01.2017 12:39 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Bosch’en i Lia fikser det!

I 2011 kjøpte Kai Magne Wiik verkstaden AS Diesel-Elektro i lag med ein kollega. Seks år seinare kan Kai Magne konstatere at det valet var rett! Omsetninga aukar kvart år. 

Innhaldsmarknadsføring: Med E39 som næraste nabo, er det ei bedrift mange kjenner.

– Vi har ei gunstig plassering. Når ein driv med bilrelatert verksemd er det greitt å ligge langs vegen. Det er ofte der bilane går, seier dagleg leiar Kai Magne Wiik med glimt i auget. 

– ”Alle” kjenner til Bosch i Lia. – Vi har til og med nokre kundar frå Bergen, grunna plasseringa, smiler han og ønskjer velkommen inn.

Snudde om på det meste

Bosch Car Service er verdas største uavhengige bilverkstadkjede, med over 15.000 verkstader. Bedrifta har røter tilbake på 70-talet i Førde.

– Diesel-Elektro var ei bedrift med godt ry, men dei låg litt nede og det var ein del å ta tak. Lokala var slitne, så vi måtte rydde opp. Vi delte inn romma annleis og pussa opp lokalet. Det er lagt ned mange timar eigeninnsats, for det er mykje anna ein må investere i, som diagnoseutstyr og verktøy.

Tenestespektret deira har også endra seg. 

– Då eg kom inn var vi meir komponentverkstad enn eit bilverkstad. Vi dreiv mykje med startarar og dynamoar, som er no er eit avslutta segmentet. No er vi ein rein bilverkstad, som driv med det meste du kan tenke deg på bil, med unntak av karosseri: frå å feilsøke elektronikk, til å fikse bremser og ulike mekaniske represjonar. Vi har spesialisert oss på dieselvarmarar. Lokalt er vi nok den aktøren som reparerer flest typar dieselvarmarar. Vi fiksar også dyser og injektorar.

Bratt vekst

– Årsaka til at eg valte å satse på dette, var at eg såg potensialet. Bosch er eit varemerke mange kjenner, og bedrifta hadde godt ry og lang erfaring. Mange har eit godt forhold til verkstaden. Eg meinte at det var høve til å utvikle selskapet, og følte meg klar for den utfordringa etter å ha jobba mange år i bransjen.

Kaimagne

Kai Magne Wiik meinte at det var høve til å utvikle selskapet i Førde, langs E39.. Seks år seinare er det noko som ser ut å stemme. Foto: Rein Design.

Arild Tistel og selskapet Førde Bilberging har vore inne på eigarsida heile vegen, og eig no 30 prosent. Kai Magne eig resten.

Fem tilsette er ein meir enn då Kai Magne tok over. Men omsetnaden har auka bratt. I 2010 omsette Diesel-Elektro for 3,5 millionar. I 2015 for nær 8 millionar kroner.

­– Og i fjor nærma vi oss 9 millionar, seier han.

– Kva er løyndommen ?

– Vi har ingen løyndom. Men vi er veldig gode på å reparere bilar, smiler han, og eg er så heldig å ha utruleg dyktige medarbeidarar. Då blir det bra. Finn Magne Haugsdal i kundemottaket har til dømes vore her sidan slutten av 70-talet.

Alltid på hogget

– Eg hadde utplassering i 8. klasse på verkstaden til AutoForum. Det førte til sommarjobb, og seinare jobb som hjelpearbeidar. Då eg var ferdig med militærtenesta i 1998, tok eg fagprøva. Så det har blitt over 20 år i faget allereie, smiler han, og fortel at det er ei reise som har bydd på mykje læring.

– Eg kom inn i bransjen i starten av ”diagnose-alderen”.  Det byrja for alvor med diagnose via datamaskiner då eg var hos AutoForum. Det har vore ei lærerik reise i høve elektronikk. Utviklinga mot stadig meir komplekse bilar, med meir og meir elektronikk i, har jo berre akselerert. Bilar er mykje meir avanserte no enn då eg byrja. Eksempelvis må ein til med PC på enkelte bilar i dag når ein skal bytte bremseklossar. No står vi føre ein revolusjon innan dette med el-bil og hybrid. Det er vanskeleg å spå korleis den vil endre bransjen, men vi må vere førebudde. Vi kursar oss mykje på dette med segmentet.

Gler seg framleis til kvar dag

Det har vore mange seine kveldar og harde tak. Men Wiik var aldri i tvil.

­– Eg viste jo ikkje om vi kom til å lukkast. Det var veldig spennande å gå frå å jobbe for andre, til å drive sjølv. Skrekkblanda fryd - men eg hadde trua. Eg tenkte at når ein var sin eigen herre, så skulle ein få meir tid til å ”stikke av” når det var noko kjekt ein ville vere med på. Men det kan eg berre sjå langt etter, ler han.

– Det har gått i 100 sidan dag ein! Det har alltid vore mykje å gjere her, og mykje jobb. Det er eg veldig takksam for. Det har vore tider undervegs då det har vore tøft, og ein legg stort press på seg sjølv for å lukkast, men eg har aldri angra.

Trass store utfordringar, lange dagar, hektisk kvardag og mykje arbeid, er nemleg ikkje Kai Magne i tvil om at det var verdt det.

– Det er ein klisjé, men eg likar å hjelpe folk. Å meistre noko og løyse problem. Det trur eg folk flest trivast med. Ein god dag på jobb, er når eg kan gå heim, og vite at eg har løyst eit problem for nokon. Den gode kjensla eg får då, gjer det verdt det, same kor lang dagen er.

Les også