Coop Extra Førde har det bæææste utvalet av pinnekjøt

Publisert 06.12.2016 13:26, oppdatert 06.12.2016 13:26 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Coop Extra Førde har det bæææste utvalet av pinnekjøt

Det er ein sterk påstand, men butikksjef Ørjan Alme har truleg fylkets beste utval av pinnekjøt: 23 ulike variantar, frå heile Vestlandet. Du går neppe går tomhendt heim. 

Innhaldsmarknadsføring: I det du kjem ”inst” inn i hjartet av Coop Extra Førde, blir du møtt av det enorme utvalet pinnekjøt. Sau frå Solund ligg fredeleg side om side med ”Vossafår”, sau frå Sunnmøre og sau frå Rogland. Og sjølvsagt lokale sauar også. Det beste av pinnekjøt på Vestlandet skal vere sanka inn til butikken, trur butikksjefen.

– Kvifor i alle dagar har du teke inn så mange ulike typar pinnekjøt, Ørjan?

­– Fordi vi har så mange ulike kundar! Og vi vil at alle skal få ”sitt” pinnekjøtt, smiler han og forklarer at det slett ikkje er nokon spøk.

– Det ligg mykje kultur og tradisjon i julemat. Pinnekjøt er viktig. Lite er overlate til tilfeldigheitene. Kundane har sine meiningar om korleis pinnekjøttet skal sjå ut, korleis det skal kuttast, lagast til osv. Nokre vil ha mykje feitt, andre lite. Det er ikkje lett å gjere alle til lags med eit par typar pinnekjøt. Men med 23 sortar trur eg både vi har fylket sitt beste utval, i alle prisklassar. Her skal ”alle” finne sitt pinnekjøt. Dette er ein del av sterke satsinga vår på lokalmat, slår han fast.

pinekjøtfire

På Coop Extra Førde finn du 23 variantar pnnekjøt. Foto: Rein Design.

– Vi utvida lokalmat-satsinga vår frå Sogn og Fjordane til å gjelde heile Vestlandet. Lokalmatbua vår er også blitt større, for å gje slike produkt av høg kvalitet meir plass, samt at vi ville trekke inn fleire leverandører. No kan vi tilby våre kundar eit endå breiare spekter av kvalitetsmat. Lokalmat er noko mange kundar etterspør, så vi har valt å ta ei skikkeleg løft.

Tidleg ute

Eit døme på at pinnekjøt er alvor: Dei ivrigaste pinnekjøtt-jegerane byrjar å jakte i november…

– Sauen er knapt slakta før folk spør etter pinnekjøt, ler Ørjan. – Vi får inn pinnekjøt tidleg i november. Då kjem dei første kundane innom for å bu seg på årets julemiddag. Mange går fleire rundar i november og desember, og testar ulike sortar pinnekjøt. Dei er opptekne av at julemiddagen skal bli best mogleg, og dei leitar seg fram til sin favoritt. Med 10-11 dagar igjen til jul eksploderer salet. Då skal folk sikre seg det utkåra pinnekjøtet. Men kjem dei innom oss kan dei vere rimeleg sikre på å få sin favoritt. Vi skal klare å halde trykket oppe til jul i år. Det har leverandørane våre lova, og det må vi tru dei på, seier han med glimt i auget.

– Men det er alltid lurt å vere tidleg ute.

– Og om du sjølv måtte velje, Ørjan?

– Eg har jo ikkje smakt alle, det er litt for mykje å bite over for ein mann. Men om eg skal nytte høve til å vere patriot, ville eg sagt Gilde si heilside. Den liknar litt på den som pappa brukte å ha, seier han. 

Les også