DNB set opp bustadlånsrenta

Publisert 09.11.2016 19:06, oppdatert 09.11.2016 19:06 - NTB - tips@stottmedia.no

DNB set opp bustadlånsrenta

DNB set opp bustadlånsrenta med inntil 0,2 prosentpoeng.

– Etter ein periode med historisk låge bustadlånsrenter er det mykje som tyder på at botnen er nådd, seier DNBs konserndirektør for personmarknaden, Trond Bentestuen.

Han seier det er fleire faktorar som påverkar rentene kundane betaler på bustadlånet sitt.

– Både konkurransesituasjonen og prisen på pengar i marknaden spelar inn på våre vurderingar. Begge desse faktorane indikerer no at botnen kan vere nådd etter ein periode med historisk låge renter på bustadlån i Noreg, seier Bentestuen.

Han peiker på at det har vore endringar i marknaden den siste tida, og at enkelte bankar allereie har heva sine flytande bustadlånsrenter.

– Vi kjem til å vere konkurransedyktige på renter også etter denne endringa, seier Bentestuen.

For eksisterande kundar vil renteendringa tre i kraft frå 9. januar 2017. Alle kundar som får renteendring, vil innan utgangen av neste veke få brev i posten eller i nettbanken om korleis renteendringa påverkar akkurat deira lån.

Ny beste rettleiande rente i DNB blir 2,05 prosent til førstegangs bustadkjøparar. 

(©NPK)

Les også