Heidi Støfring Ulvestad ved Clinique 1 i Førde har tru på annonsørinnhald. - Vi har slutta med annonsering i aviser, det opplever vi som lite effektfullt, seier ho til Førdeby.

Publisert 06.10.2017 14:26, oppdatert 06.10.2017 14:26 - - tips@stottmedia.no

Den nye reklametrenden

Innhaldsmarknadsføring, annonsørinnhald, sponsa innhald, betalt innhald, annonsefinansiert innhald. Mange namn med ein ting felles - kundane får med seg den nye måten å reklamere på.

70 prosent av lesarane opplyser at dei les innhaldsmarknadsføring i større eller mindre grad. Dersom dei oppfatter innhaldsmarknadsføringa di som informativ og nyttig, vil dei også følge firmaet sine framtidige bodskap, syner undersøkinga som er gjort av Trøndelag Forskning og Utvikling, etter oppdrag frå Regjeringa sitt Mediemangfaldsutval.

Tek litt tid

Medieundersøkingane syner at kundane i 20 prosent av tilfella ikkje kan skille annonsørinnhald og redaksjonelt innhald. Dette er fordi reklametekstane etterliknar normale artiklar både visuelt og i forma på innhaldet.

Tidlegare VG-redaktør Torry Pedersen opplyste til NRK i 2016 at grunnen til forvekslinga truleg er at annonseforma er ny, og at det nok vil ta litt tid før lesarane venner seg til kodane til innhaldsmarknadsføring.

Dagleg leiar ved Clinique 1 i Førde, Heidi Støfring Ulvestad, har god røynsle med bruk av innhaldsmarknadsføring.

- Vi hadde Simon Vie inne til hudbehandling, og opplevde svært god respons på saka. Vi fekk timebestillingar berre ein times tid etter at saka vart publisert, og eg vil anslå at saka hadde effekt i eit halvt års tid. Så det fungerer. Avisannonser har vi heilt slutta å bruke, på desse opplever vi ingen effekt, seier Ulvestad til Fordeby.no

Digital vekst og papirdød

148 annonsørar vart i "Den store annonsørrapporten 2016" spurt om korleis dei ville bruke midlar til framtidig marknadsføring. Trenden var soleklar: Digital marknadsføring er i sterk vekst og dei tradisjonelle kanalane (papiravis, magasin og TV) er i kraftig tilbakegang. 

Svein Roar Hult, redaktør i Analysen, er ikkje i tvil: Der tradisjonell markedsføring primært har tent annonsørens interesse, i nokre  tilfelle på bekostning av kundane si interesse, er formålet med Content Marketing (innhaldsmarknadsføring, red. anm.) å gje verdi både til avsendar og mottakar.

Det er grunn til å tru at Content Marketing som skaper vinn-vinn, vil vere meir effektiv enn tradisjonell marknadsføring, meiner Hult.

Vil du prøve?

Dersom du vil teste om den nye reklameforma også gir din butikk effekt, kan du kontakte Førdeby. Då kan du få ut bodskapen din til heile fylket.

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7