- Det blir episk

Publisert 12.05.2016 12:47, oppdatert 12.05.2016 13:10 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Det blir episk

Geir Thomas Espe og Frank Robert Klakegg realiserer den ultimate guttedraumen – i sommar skal dei delta på «lillebror» til verdas sprøaste bilrace. 

Førde/Florø: - Modball er ein roadtrip der likesinna bilentusiastar stiller med superbilane sine og køyrer rundt om i Europa i sju dagar, seier Geir Thomas Espe.

- Fart, bil og spenning om dagen og bankett på natta, skyt Klakegg inn, og legg til:

- Eg skal ha med meg pingvindress, køyredress og undertøy. Det er alt som vert med i kofferten.

Modball rally kan samanliknast med det litt meir kontroversielle Gumball 3000, som av mange blir katekisert som verdas sprøaste bilrace. Distansen er mindre og som kollegaene frå Førde og Florø beskriv det; «litt snillare med tanke på lommeboka».

180 superbilar

Nesten 180 superbilar skal i løpet av sju dagar køyre frå London til Valencia. På vegen skal dei innom stadar som Paris, Lyon, to netter i Monaco og Barcelona.

IMG_8202

Grillen på Mustangen som Espe og Klakegg skal køyre under Modball Rally. Foto: Børje Fonn Skaar.

- For alle som er litt over gjennomsnittet glad i bil, er ein sånn tur heilt episk. Berre høyr på desse bilane som skal vere med på turen, Audi R8 Spyder, Lamborghini Gallardo og Bugatti Veyron berre for å nemne nokon, medan dei ser nedover lista, og humrar i kor.

- Ein ekstravagant roadtrip, ikkje eit rally i den forstand. Der er ingen premie for å vere raskast, og arrangøren oppfordrar deltakarane til å halde fartsgrensa på vegane, seier Klakegg.

- Men det er klart at når der er deltakarar som er med plasserer seg ned i bilar med over 500 hestekrefter, så er det alltid nokon som kan øydelegge for resten, påpeikar Espe.

Skal ta det roleg

For det er inga hemmelegheit at det pleier å verte ein del heftig køyring undervegs i slike løp. Fleire deltakarar har opp gjennom åra blitt både bøtelagt eller fengsla for å overstige fartsgrensa. Ei rekke uhell har det også vore, som under Mudball i Makedonia i 2007, då to personar som ikkje var med i løpet omkom.

IMG_8041

Frank Robert Klakegg (t.v) og Geir Thomas Espe seier dei skal ta det roleg og berre nye turen som er over 320 mil lang. Foto: Børje Fonn Skaar.

- Korleis er de bak rattet?

- Vi er stille og rolege, seier Klakegg, med eit smil.

- Det vil vel ikkje vere heilt truverdig, kjem det raskt frå kollega Espe.

- Det er klart det er gøy med fart og spenning, og vegane i Europa tillet litt høgare fart enn her. Vi kjem ikkje til å ofre liv og helse i racet. Planen er å ta det «easy» og komme fram til byane i tide, seier Klakegg.

Køyrer Ford Mustang

Bilen er ein Ford Mustang, 2015 modell Fastback, med 320 hestar – originalt.

- Vi har gjort nokre modifikasjonar både teknisk og kosmetisk. Ei modifisert utgåve av originalbilen, slik at den skal yte best mogeleg. Hadde det vore eit rally, så hadde vi nok tapt ganske grundig mot ein god del av dei bilane vi ser er påmeldte, men den gjer seg ikkje heilt vekk heller. Ikkje den mest fryktinngytande, men den kulaste, seier Espe.

IMG_8017

Gutta i Team GT gledar seg mest til start i London og todagers stopp i Monaco. Foto: Børje Fonn Skaar.

Modball rally varer i sju dagar og kvar av dei 180 bilane som er med skal køyre seg gjennom ei løype som strekk seg over 320 mil, med start i London og målgang i Valencia. For reisa har sunnfjordingane betalt 150.000 kroner.

- Det inkluderer både startkontingent, overnattingar og deltaking på bankettar. Så har vi gjort avtaler med nokre kameratar som skal køyre bilen over til London, og heim frå Valencia. Slik at vi flyr rett til starstad, og rett heim frå Valencia.

- Kva blir det beste med turen?

- Eg trur nok Monaco blir noko av det beste. Der skal vi vere i to dagar, seier Espe.
Klakegg gledar seg mest til starten i London.

- Mykje folk og 180 feite bilar samla på ein plass, det blir stort, avsluttar han.

Modball går av stabelen 25. juni og avsluttast 1. juli.

Les også