Det vesle Extra

Publisert 14.12.2016 11:05, oppdatert 14.12.2016 11:05 - Rein Design - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Det vesle Extra

Sjølv om Extra Førde er den største butikken i Sogn og Fjordane, er dei opptekne av korleis dei kan bli betre. Løyndomen er å tilby kunden noko Extra: Butikksteikt brød, sushi, porsjonsdelt fisk og eit rikhaldig utval lokalmat – til dømes.

Innhaldsmarknadsføring: – Vi likar å vere i forkant av konkurrentane, og er alltid på jakt etter ting som gjer oss betre. Matbørsen til VG syner at vi er like billige som konkurrentane, og vi har ekstra stort utval. Og så skal vi gje kundane våre det vesle ekstra, seier butikksjef Ørjan Alme.

Han fortel om fire konkrete grep dei har gjort i haust for å gje kundane ein endå betre butikk.

– Utviding av lokaltmatbua, butikksteikt brød, porsjonspakking av fisk i butikken og butikklaga sushi. Dette gjer vi for å syne kundane at vi er på hogget, og ønskjer å gje dei ein god butikk. Vi er ikkje redde for å prøve nye ting eller å investere for at kundane skal få ei god handleoppleving.

Sterk satsing på lokalmat blir endå sterkare

Han viser nøgd fram det synlegaste grepet:  Utvidinga av lokalmatbua.

– Vi får stadig inn nye leverandørar, som vi har lyst å gje meir plass. Mange kundar etterspør lokalmat, og vi har tatt eit skikkeleg løft. Avdelinga for lokalmat har fått monnaleg større areal, med god plass til fleire flotte matvarer. Vi utvida også lokalmat-satsinga frå Sogn og Fjordane til heile Vestlandet. No får vi kundane eit endå breiare spekter av kvalitetsmat.

Fisk til servering, og fisk i porsjonar

Ein ting du sikkert ikkje assosierer Extra Førde med, er sushi. No lagar dei sin eigen, og den er god.

– Vi sende folk på kurs til Bergen, og henta også ein sushi-kokk hit for å kvalitetssikre at dette vart så godt som råd, seier Ørjan og fortel at kundane set pris på dette.

sushi2

Foto: Rein Design.

– Det har blitt veldig godt motteke, og sushi’en får mykje skryt. Vi er litt overraska over kor populært det har blitt, seier han og fortel om endå ei fiskesatsing.  

– Vi har også byrja å dele opp fiskefileter frå Domstein i butikken, og porsjonspakkar ulike typar fisk i passande storleikar. Det merkar vi at kundane set stor pris på. Det er ikkje alltid ein skal lage mat til ein stor familie, og då det er greitt å ha høve til å lage mindre porsjonar.  

Det ferske brød – dagen lang

Den som er tidleg ute får alltid tak i ferskt brød. Men Ørjan vil at også dei som ikkje har høve til å handle på morgon og formiddag, skal få gleda av å gå heim med eit varmt, fersk brød.

– Vi har investert i steikeomnar og tilbyr no butikksteikt brød. Det er ei stor, men naudsynt investering. Vi ynskjer at kundane skal finne ferske brød heile dagen. Også dei som handlar klokka 18 skal få varmt brød. Kvaliteten på halvsteikte brød er mykje betre i dag enn for berre nokre år sidan. Difor såg vi tida mogen for å ta dette grepet no, avsluttar han. 

Les også

underholdning
Foto: Skjermdump
SKJELVET