Foto: Eit kort og gledeleg gjensyn mellom Vibeke Jochimsen og Jai Shankar på Førdefestivalen 2017. Så må Jai spele og Vibeke på jobb

Publisert 10.07.2017 15:27, oppdatert 10.07.2017 15:27 - Marit Bendz - tips@stottmedia.no

Difor skal ein invitere ukjende menn heim

Vibeke Jochimsen på Leirstad sat ute i sola med ein kaffikopp då ein ung mann kom småspringande opp hagegangen. Han veiva med armane og spurde om ho hadde trådlaust nett.

Det gjekk nemleg ein veldig viktig cricketkamp mellom India og Pakistan på TV, og no hadde han brukt opp nettet til bror sin.

 

Ikkje så ukjend likevel

 Vibeke rista på hovudet, men fortalde at ho hadde jo nett da, på den stasjonære PC-en sin.

- Du får kome inn og sjå der, sa ho. Kampen varte og rakk, ikkje visste anestesisjukepleiaren at ein cricketkamp kan vare i åtte timar.

Året var 2011, Jai Shankar hadde allereie vore på Førdefestivalen som musikar fleire år. Første gongen var han ein av Talent 95, saman med Gro-Marie Svidal og Elisabeth Eikaas.

Dei snakka om mykje og mangt under kampen, vertinna og den ukjende, norskindiske gjesten.

– Kva driv du med da? undra Vibeke.

– Eg er lege og musikar. Han byrja han å tromme på spisebordet medan han ræppa namna på alle delane i hjernen, latin på norsk med indisk aksent. Sjukepleiaren vart mektig imponert.

– Kjenner du Shankar of Norway, kanskje undra ho, ei plate ho elska høgt. Den framande mannen hoppa opp og ropte; Shankar of Norway - det er jo meg!

 

Falaflar og livshistorier

Det vert ei hjarteleg møte seks år seinare utanfor Sunnfjord hotell – vel og merke etter at Jai Shankar har tenkt seg lenge om og Vibeke rista på hovudet og lurte på det var den same mannen.

– Eg har vorte ektemann og far, ein endrar seg då, gliser han. I dag er han gift med ei indisk songarinne og far til ei jente på seks år. Halve året bur han i India, der han er mest lege, resten av året er han stort sett musikar i Noreg.

– Når eg er i India er eg veldig norsk. Eg var berre 9 månader då familien min flytta til Drammen, der eg voks opp. Takka vere Noreg har eg no legeutdanning

Timane og kampen gjekk sin gang, dei vart svoltne. Vibeke laga falaflar, Jai fortalde om livet sitt, ikkje alt vil han gjenta til ein journalist. Det er desse tilfeldige møta, der personlege historier og løyndomar flyt att og fram over eit bord, som gjer Førdefestivalen til ein unik arena.

 

Jazza medisin

Jai studerte medisin i Warszawa, årsaka til studievalet handla om ei jente som gjerne ville gifte seg med ein lege, men som seinare gjekk frå han. Valet av Warszawa var musikalsk. Namnet på byen kjem frå ei legende, ikkje ulike Romeo & Julie, om fiskaren Wars og Wisla-sirena Sawa. Heile tida myter og musikk, rytmane i tablatrommene. Han lærte medstudentar å pugge ved hjelp av rim og rytme. Han jazzar medisinen

No pendlar han mellom India, der han er mest lege, og Noreg, der han er mest musikar.

- Musikk gjer legevitskapen levande, seier Jai, og Vibeke nikkar. Mange musikalske menneske kjenner den løyndomen; det er lettare å hugse noko som har rim og rytme.

Legen siterer Hippokrates, legevitskapens far:

- Ars longa vida brevi. Livet er kort. Kunsten er evig. Gratuler Hilde med enda en flott festival!

Og cricketkampen? India vann til slutt over Pakistan.

Les også