- «Donkey» feis skikkeleg høgt

Publisert 13.10.2016 17:41, oppdatert 13.10.2016 17:41 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- «Donkey» feis skikkeleg høgt

På Angedal gard har det vore alternativ haustferie for born denne veka. Og eit fisande esel kan seiast å vere ganske så alternativt. 

Førde: - «Donkey» er eit skikkeleg stabeis, seier ungane i kor.

- Men er ikkje alle esel sta då, undrar journalisten.

- Derav ordtaket «sta som eit esel»?

- Vi har gått tur med han, og så feis han, svarer Michelle, utan å bry seg noko særleg om kva spørsmålet var.

- Det lukta ikkje vondt, men vi høyrde det ganske godt, legg Madeleine til.

Glad i dyr

Det kan verke som at eit fisande esel har vore det store høgdepunktet på Angedal gard denne veka. Her har over ti born i alderen seks til ni år frå Førde, vore på haustferie – eller aktiv gardsferie som dei kallar det sjølve.

Men det har også vore andre ting å ta seg til.

- Vi har laga rugekasse, vinterhus til grisane, børsta hestane, jobba med siloen og slept ut kyrne, seier borna, medan dei puttar i seg siste slurk av mjølkeglaset rundt frukostbordet torsdag morgon.

IMG_0813

Her tar borna seg tid til ein skikkeleg frukost saman med Mads Tønnesson og hunden Takotna torsdag morgon. Foto: Børje Fonn Skaar.

-  Saknar de ikkje datamaskin og TV etter alt dette då?

-  Nei, vi saknar det ikkje. Vi elskar dyra, er svaret på eit tydeligvis dumt spørsmål.

-  Og så var det ein dag at kyrne sprang mot oss og ville leike. Rett mot oss.

-  Kva er det raraste dyret de har leika med denne veka då?

-  Alpakka, seier nokon, medan andre meiner at eselet er ganske rart.

Det er også vaktelhønene.

IMG_0935

Vaktelhøner er visst rare dyr. Foto: Børje Fonn Skaar.

- Vi saknar ikkje bylivet. Etter denne veka er det garden vi kjem til å sakne, kjem det frå Lenea, etter ei lita avsporing. Resten nikkar og seier seg einig.

Tur til eit vatn

Etter maten er det ut av huset for å stelle og kose med dyra. Noko som er fast aktivitet på timeplanen kvar morgon.  

Martha Bjørvik Angedal, som driv garden innerst i Angedalen, meiner borna set pris på ein litt annleis haustferie.

IMG_0850

Martha Bjørvik Angedal og Karita Solvik tar seg av over ti born som er på aktiv gardsferie i Angedalen denne veka, saman med Mads Tønnesson og Juni Carlsen. Foto: Børje Fonn skaar.

- Eg merkar at dei har funne roen her. Første dagen var det litt meir fart og slikt, men som dei sa til deg så er det ingen av dei som har oppe telefonen eller spør om TV eller dataspel. Så eg har inntrykk av at dette er ei god oppleving for dei, noko dei er ute etter.

Fredag er siste dag på garden for denne gong. 

Men først er det tur til Botnavatnet og «utesoving» på løa i natt.

- No skal vi på tur med hest og ATV til eit vatn. Og så skal vi ete ostesmørbrød, opplyser borna før dei går i veg.

- Og så er det utekino seinare i kveld.

IMG_0835

Michelle, Andreas, Lenea og Lina seier dei kjem til å sakne gardslivet etter i morgon. Foto: Børje Fonn Skaar.

IMG_0828

Hunden Takotna ser ut til å vere sliten etter ei lang veke. Sikkert litt mindre krevande når det kjem til oppmerksomhet. Foto: Børje Fonn Skaar.

IMG_0900
IMG_0937
IMG_0926

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7