Foto: fordehuset.no

Publisert 08.08.2018 09:24, oppdatert 08.08.2018 09:24 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

EIN KVELD MED TORE RENBERG

Hausten 2018 gjestar Tore Renberg Førdehuset. Han kjem med ein spanande krysning av konsert, litteraturkveld og standup.

Renberg debuterte i 1995 og fikk sitt store gjennombrot i 2003 med oppvekstromanen «Mannen som elsket Yngve», den første av fleire bestselgande og kritikarroste bøker om Jarle Klepp. Etter Klepp-bøkene ga Renberg seg i kast med dei viltre Teksas-romanane, «Vi ses i morgen», «Angrep fra alle kanter» og «Skada gods.»

 

Multitalentet Renberg er både forfattar, dramatikar, sceneinstruktør og ein erfaren musikar. Han trakterer fleire instrument og har spelt i mangfaldige band. I 2016 slapp han sitt første solo-album, «Ingen nåde», som inneheldt hiten «Margaret», og i 2017 kom oppfølgjaralbumet «Ein dag te».

 

Denne kvelden kjem Stavangermannen til Førdehuset med heile sitt kunstnariske virke. Han er kjend for sin spontanitet og nærleik til publikum, og byr raust på seg sjølv under disse morosame  og særeigne stundene. Vi får møte forteljaren, songaren og scenekunstnaren. Med seg på laget har han - foruten sitt fiksjonelle univers - gitaristen Alexander Flotve.

Les også