- Eg la min elsk på det

Publisert 16.11.2016 09:47, oppdatert 16.11.2016 17:09 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Eg la min elsk på det

Skal ein tru «Yoga-Anette» blir yoga stadig meir populært og det kan verke som at det er mange som er glad for at Yoga Førde kom til nettopp – Førde. Og at Anette Eide Røsandhaug vart forelska i disiplinen.

Førde: - Yoga.

Triggerordet, som gjer til at blodårene til Anette Eide Røsandhaug pulserer. Bokstaveleg er det mindre sannsynleg, men det er noko med det. Andletet nærast lyser opp når du set deg ned med ho og seier; no skal vi prate yoga.

Ho er utdanna sjukepleiar, men har for augneblikket permisjon frå jobben på psykiatrisk akutt døgn. Yogaen er hovudfokus, om ikkje altoppslukande. Men likevel er det her 39-åringen opplever pusterommet.

I studioet hennar, som ligg nære Jølstra i Førde.

- Det heile starta med at ei venninne oppfordra meg til å bli yoga-instruktør for sju år sidan. I byrjinga kunne eg ikkje fordra det, men samtidig var det noko som trigga meg veldig. Eg ville meistre det. Sidan har eg lagt min elsk på det, seier Røsandhaug. Kanskje betre kjend som «Yoga-Anette».

-Eller «Yoga-dama», legg ho til.

IMG_7567-2

Yoga-timane til Anette har vorte så populære at ho no vurderer å utvide tilbodet på Yoga Førde. Her viser ho oss stillinga Salamba sarvangasana, eller skulderstå om du vil. Foto: Børje Fonn Skaar.

Hennar romanse til samlinga av mentale og fysiske teknikkar med tilknyting til dei indiske religionane buddhisme og hinduisme, verkar å ha smitta over til innbyggjarane i Førde. Etter at ho valde å bevege seg utanfor komfortsona heime i Naustdal og opna studio i byen.

For litt over eit år sidan.

Stor interesse

- Det begynner å bli nokre kundar no, mange kundar. Sikkert kring 500. Heldigvis er dei flinke til å fordele seg over timane mine, seier ho med eit smil.

På timeplanen er det sett opp sju timar i veka, samt nokre lukka timar. Studioet kan til naud romme 34 personar.

- Intimsona hos mange blir nok utfordra om det er fullt på timane, men det trur eg  dei berre har godt av.

- Er det slik at du tenker på å utvide?

- Eg har vurdert å hente inn fleire lærarar, sidan pågangen er så stor og at eg ønskjer å utvide tilbodet. Behovet er der meir enn tidlegare. Men det er uansett ein stor prosess, sidan eg er ganske nøysommeleg og kresen på kven eg skal ha med på laget. For å seie det enkelt, så skal den personen ha god kunnskap om både kropp og beveging innan yoga.

- Det er berre som å skrape i overflata å ta 200-timars kurset som heiter YTT Yoga Teacher Training, forklarar Røsandhaug, som har tatt to slike «kurs» i samband med utallige timar eigenlæring og andre forskjellige kurs i Bergen.

Fortsetter å tru på menna

- Slik eg har oppfatta det er yoga ein typisk syssel som vert kjønnsdominert av kvinner. Er det slik fortsatt?

- Av dei 500 som er innom dørene her har vi 15 menn, så det stemmer nok. Men eg trur at dei sakte men sikkert begynner å kome, sidan dei no veit at det er mykje styrketrening i yoga også.

Og med ein så stor kundebase, som heldigvis for Anette består av kvinner også, seier ho at det kjem til å bli lenge til ho legg yogaen på hylla.

- Eg har fundert litt på det der. Korleis det blir når eg vert gammal. Samtidig er det mange seniorlærarar som har undervist i 50 år. Så eg trur eg aldri kjem til å gå lei og kjem nok til å fortsetje så lenge kundane mine ønskjer det.

IMG_7713

Yoga-studio i Førde: Mannen til Anette Eide Røsandhaug måtte nærast presse henne til å opne studio i Førde. - Eg var redd eg skulle mislykkast, men eg visste vel eigentleg frå starten av at det var her eg kom til å ende opp til slutt. Sjølv om eg stort sett vart veldig sur på mannen min kvar gong han nemnde det, seier ho. Foto: Børje Fonn Skaar.

Les også