- Ein merkedag for næringslivet

Publisert 01.11.2016 13:11, oppdatert 01.11.2016 13:11 - Presseskriv - tips@stottmedia.no

- Ein merkedag for næringslivet

Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane har teke initiativet til at det blir danna eit næringsråd for Sogn og Fjordane.

Pressemelding: Initiativet vart annonsert på ein pressekonferanse i Førde tysdag, medan Stiftingsmøte blir halde 7. november same stad.

- Dette er ein merkedag for næringslivet i Sogn og Fjordane. Ved å bygge opp eit næringsråd, der alle verksemder som driv næringsaktivitet i fylket kan vere medlemmer, håper vi å skape eit sterkt organ som offensivt kan målbere viktige krav som vil tene næringslivet i fylket, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest og administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane i ein felles kommentar.

Håper det skal bli eit viktig organ

Dei legg til at medan andre stader har eit organ som kan samordne næringslivet sine interesser og fremme desse offensivt overfor styresmaktene, til dømes Bergen Næringsråd, har i stor grad ei slik koordinering for næringsaktørane i fylket mangla fram til i dag.

- Vi ser fram til stiftinga av næringsrådet og har god tru på at det vil bli eit viktig organ for næringslivet i fylket, uttaler Jan Erik Kjerpeseth og Trond Teigene.

Fremme næringsinteresser

Ei svært viktig oppgåve vil vere å fremme næringsinteresser og inspirere til å bruke ressursane i fylket for å oppnå størst mogleg verdiskaping. Næringsrådet må skaffe seg stor påverknad overfor lokale, regionale og nasjonale styresmakter. Nettverk skal utviklast, og det må leggjast arbeid i å skape eit positivt omdømme for Sogn og Fjordane.

Utdanning og kompetansebygging skal ha stor vekt i næringsrådet sitt arbeid. Det gjeld både overfor vidaregåande opplæring og høgare utdanning.

- Arbeidsoppgåvene til næringsrådet vil sjølvsagt bli til undervegs og vil dermed skifte med tida, og næringsrådet skal samarbeide og vere ein medspelar med andre næringsorganisasjonar i fylket, seier dei to bankleiarane.

Stiftingsmøtet for Næringsrådet vil haldast 7. november på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde. På stiftingsmøtet blir det innleiingar om kvifor eit næringsråd bør dannast her i fylket. Dei gode erfaringane frå Bergen Næringsråd vil næringspolitisk sjef Atle Kvamme innleie om.

Etter stiftingsmøtet innleier adm. dir. Stein Lier-Hansen i Norsk Industri til debatt om aktuelle næringspolitiske spørsmål.

Les også