Ein stråten naustedøl på heimebane

Publisert 31.12.2016 13:42, oppdatert 31.12.2016 13:50 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

Ein stråten naustedøl på heimebane

Portrett: Sindre Rørstadbotnen er i ei sjeldan klasse, sjølv om det verkar som den veks på grein i Naustdal. Folk med uvanleg styrke. Då passar det godt med europameisterskap på heimebane.

Panteren vaggar grasiøst ut mot vannkanten. Den slurar med augevippane og blikket bevegar seg roleg mot høgre, så venstre. Naturen i Naustdal brer seg utover hornhinna i storslagen pakt. Frå oven har den slumrande påskesola skyvd skyene til side, medan bilane putrar avgarde i bakgrunnen. Turentusiastar hastar av stad med barnevogner på den andre sida av trebrua som skil tusenårsstaden frå resten av bygda.

Rovdyret ensar ingenting av støyen rundt seg. Panteren er heime, og dette er riket hans.

- Eg var tynn og spinkel. Huskar du Colargol?

- Nei.

- Nei? Bjørnen i ein barne-TV-serie? 

- Fortsatt ingenting.

- Ein nabo kalla meg det fordi eg var tynn, men ganske sterk.

- «Sterk som ein bjørn» med andre ord. Ei passande skildring av deg?

- Eigentleg så ser eg på meg sjølv som ein panter. Det finst ikkje så mange av dei, og ser du ein skal du passe deg. 

Frå auga strålar det kampmodus.

Sindre Rørstadbotnen slenger seg ned på steinbenken på «Sanden». 23-åringen er verken spesielt stor eller fælsleg, til vektløftar å vere. Snuten peikar i retning bygdas småbåthamn. Mot aust renn lakseelva Nausta roleg ut i Førdefjorden.

- Denne plassen har eg mange gode minner frå. Mange somrar med symjing, volleyball og leik. Vi var litt sjefar her, så det er sikkert nokon som les dette og kjem til å tenkje at han der har skubba meg ut i vatnet, seier han stolt, men unnskyldar med blikket.

- Kvar var vi?

Ja, kvar var vi? Berre dagar unna EWC 2016 i Førde. Bynamnet må ein nesten lese to gongar, for dette er stort for ein så liten stad. Historia seier at det var ein gravande journalist sitt spørsmål som starta det heile. «Kva blir det neste», spurde personen arrangøren av norgesmeisterskapet i 2012. «Det må vel bli europameisterskap», var svaret. Og slik vart det. Fire år seinare.

Slik vart det, men så enkelt er det derimot ikkje. Søknads- og arbeidsprosessen er lang for å få til noko slikt. Kostbar er den og. Til saman har to av hovudpersonane bak arrangementet, Stian Grimseth og Knut Folkestad, logga over 5.000 arbeidstimar og samla inn 16 millionar kroner.

nh10076_imagefull (1)

Stråten: Det er ikkje like enkelt å kome seg på gymmen kvar dag. Nokre dagar er ekstra tunge. Her har han nett vore gjennom ei to timar lang morgonøkt i Naustdal, som starta klokka 07.00. Resten av dagen går med til jobb, mat og meir trening på kveldstid. Foto: Børje Fonn Skaar.

Han skal prise seg lykkeleg over ei slik oppleving, Sindre Rørstadbotnen. Og han gjer det. europameisterskap på heimebane er ei veldig spesiell oppleving for alle idrettsutøvarar.

- Eg elskar å vinne. Det å sleppe vekta etter siste løftet og vite at du har vunne, eller sett ny personleg rekord. Den augneblinken er ubeskriveleg. Det kan ikkje gå for lang tid mellom kvar gong noko slikt skjer med meg, elles sloknar eg, seier han og stryk handa gjennom håret. Ingen seier noko.

- Sigerspall vert det ikkje under EM. Eg veit at eg ikkje greier å hamle opp med konkurrentane, seier han og tek ein ny pause.

- Men ein dag skal eg det. Smilet er tilbake.

- Kva med ein personleg rekord?

- Personleg rekord er mogeleg.

nh10075_imagefull

Sko med innrykk: På vektløftarskoa står det «go forth and dominate». Smilet breiar seg i andletet til Sindre kvar gang han nemner setninga. Foto: Børje Fonn Skaar.

Sidan han var ni år gamal har han løfta vekter. Tunge vekter. For Sindre blir det nærast koketteri, leiken med stanga og vektskivene. Elleve år gamal byrja han å konkurrere. Kor mange tonn det har vorte over hovudet er vanskeleg å anslå. Men det skal vere ein indre driv i personen, som uredd og med stoisk ro gyv laus på ei slik arbeidsoppgåve. Dag ut, og dag inn.

Det må vere ein brutal kontrast mellom Rørstadbotnens si ytre og indre ro. Han ser snill ut. Imøtekomande og hyggeleg. Ein person som helsar på alle, med eit smil ventande på dørstokken.

- Men under konkurransar er eg kynisk. Då er det vinn eller forsvinn. Som ein panter. Eg drep ikkje for moro skuld, berre om eg må, seier han og opnar døra.

- Ein vinnarskalle?

- Ja.

- Og det kan du spørje familien min om. Spelar eg kort mot ein femåring, vil eg vinne. Det klarer eg ikkje å legge vekk.

Han verkar nesten litt flau over svaret.

- Det er det som driv deg også?

- Ja. Som sagt så elskar eg å vinne.

23-åringen voks opp ni kilometer utanfor Naustdal. Med sine to eldre søsken, og foreldra på eit gardstun i Andalen. Faren Geir Rørstadbotnen dreiv Førde Kroa, medan mora Jorunn Rørstadbotnen (51) arbeider som sjukepleiar. Garden var det onkelen som eigde, men familien var samla. 

nh10079_imagefull

Kongen av Naustdal: Sindre Rørstadbotn stortrivst i bygda si. - Her er det ingen som trur dei er over nokon av dei andre, og alle kjenner alle, seier han, sjølv om det kanskje ser ut som at han eig plassen på bilde. Foto: Jostein Vedvik.

- Eg unner veldig mange andre den oppveksten eg hadde. Sommardagar i fjorden, seier han og tenker seg om.

- Buksa var så vidt oppom ankelen før eg var ute av døra og i gong med dagens leik.

- Og arbeid?

- Eg kunne gjerne vere med i fjøsen til onkelen min og arbeide på garden hans. Men når eg tenkjer tilbake så er det nokre stikkord eg står att med. Fridom og leik. Bygdeguten rynker panna og ser ned i bakken. I løpet av sine 23 år har han opplevd sin porsjon motgang.

Det starta i skulegarden, eller klasserommet meir presist. 

- Noko skulelys var eg ikkje. Med dysleksi sleit eg med lesing og skriving, og ikkje minst rekning. Skulen er dessverre eit veldig dårleg minne for meg. Lærerane sa det ikkje direkte til meg, men eg er sikker på at det er nokon av dei som forventa å lese om meg i avisa. Han som rauk på ein smell.

- Men eg visste med meg sjølv at eg ikkje var håplaus.

Og enn så lenge er det bragder med vektstanga ein kan lese om i avisa.

- Eg var bestemt, og såg opp til pappa og korleis han dreiv «buisness». Eg skulle ikkje bli ein av dei andre, som hamna utanfor.

- Men du var ei bølle? Eg tenkjer på dyttinga på stupebrettet, og om lærarane såg framtida di i avisa sin politi-rubrikk.

- Bølle?

- Eg likar ikkje det ordet. Eg var ein liten ramp. Hadde litt for mykje av fanden i meg. Eg var for oppfinnsam rett og slett…

Sindre gjer noko som verkar å vere vanleg. Samtala tar ei ny retning og han peilar inn mot arbeidet han hadde i utplassering hos Glasmeister Holvik. 

- …vi skal ikkje skryte for mykje av oss sjølv, men eg må seie at eg er veldig fornøgd med den personen eg er i dag. Var det motgong du spurte om?

- Ja, temaet var motgang. Far din?

Sindre blir tom i blikket og tar seg lengre tid mellom svara. Det er vanskeleg, men han kremter og set ord på det.

- Det er ei trist historie.

Sindre vrir seg på steinen han sit på.

- Han døydde av lungekreft i 2008. Før det var han sjuk i nesten tre år. Så det er noko eg ville ha vore foruten for alt det er verdt. Når du ser ein person som du er så knytt til, og du veit kor vegen går, seier han og kveler eit smil.

- Samtidig fekk eg sjukt med respekt, av den styrken han viste. Uansett kor tøft og forferdeleg ting var, så var det alltid eit glimt der. Han hang ikkje med hovudet ein einaste dag. Han levde kvar dag så vanleg som mogleg. Igjen er det snakk om stråtskapen.

Fleire gonger har han nemnt stråtskapen gjennom intervjuet. Noko han meiner han har arva.

- Eg hadde eit forbaska stort håp om at pappa skulle greie seg, at han skulle bli frisk. Eg hadde trua på det til siste dag. På slutten var vi sjølvsagt forberedt på det verste, men på grunn av håpet så tok eg nok det ekstra tungt, seier han, og pausar nokre sekund. Svel unna to gongar.

- Det som er litt forferdeleg er at døden hans heng i meg så innmari mykje.

nh10080_imagefull

Saknet: Faren Geir Rørstadbotnen døydde etter tre år med lungekreft i 2008. Saknet er der endå. - Han var ein sportsidiot. Det er kanskje gale å seie det, men om nokon døydde så rann ikkje tårene. Eit stort sportsaugneblink derimot. Sånn er det dessverre med meg og, seier Sindre med eit smil. Foto: Privat.

27. mars 2008: Sindre var berre 15 år gammal. Namnet hans vart ikkje vurdert når dei diskuterte kven som skulle ta over restaurantdrifta etter pappa på kroa i Førde. Søstera var 18 år gamal den gong.

- Mariel tok ansvaret og gjekk rett inn og bestemte at om fem år skulle dei drive staden med grøne tal. Ho sette seg eit mål og jobba knallhardt til ho var der.

- Ei glanshistorie?

- Det var heller inga glanshistorie, men eg synes både Mariel (26) og Espen (28) var ganske rå. Bror min «gunna» på innan oljenæringa. 

- Du ser opp til søskena dine?

- Ja, det gjer eg.

nh10078_imagefull

Søskena Mariel og Espen Rørstadbotnen (midten) er nesten like sterke som bror sin, men kom inn i gamet etter Sindre. Som 16-åring løfta Espen 200 kilo i markløft, etter berre tre månadar over stanga. Foto: Børje Fonn Skaar.

nh10082_imagefull

Familie: Her ser Mariel på medan brødrene viser seg fram. Foto: Børje Fonn Skaar.

Sindre Rørstadbotnen er meir realist enn optimist. Forventningane til europameisterskapet er at han opplever eit godt meisterskap, og set ein norsk rekord. Begge målsettingane er innan rekkevidde.

- Norgesrekorden i støyt har eg nesten inne. 191 kilo er den på, eg har 187, seier han og tenkjer seg om. 

- Eg håpar konkurransen og alt det der blir lagt til rette slik at eg i siste forsøk kan gå opp på 192, og sette den. Klimaks.

- Er det eit stort press med EM på heimebane?

- Presset er det eg sjølv som set, det meste av det. Eg har senka skuldra og skal prestere optimalt. Gjere oppgåvene riktig.

- Forma er der den skal vere?

- Så bra som overhovudet mogleg. Fantastisk bra. Gjer eg det riktig og møter opp mentalt forberedt, så skal det bli ein dag som skal setje seg godt i minne til både tilskodarar og tilhengarar.

- Og den dagen er?

- Torsdag 15. april, rundt klokka 21.

Ein roleg og audmjuk som person. På scena, med mange hundre kilo på stanga, er det eit heilt anna dyr. Buret vert opna neste torsdag. 

nh10073_imagefull

Herda: Tidlegare har han sagt at ein skal tole litt smerte i hendene i denne sporten. Her er beviset. Foto: Børje Fonn Skaar.

Sindre Røstadbotnen: Fødd 21. november, 1992.

Familie: Sambuar. To søsken, Mariel og Espen Rørstadbotnen og mora Jorunn Rørstadbotnen.

Arbeid: Salssjef, Spenst Førde- og Florø.

Merittar: Norsk meister ungdom-, junior- og seniorklasse. Nordisk meister ungdom og junior. Bronse og sølv i Nordisk senior.

Ser på: - Eg må ærleg innrømme at Fjorden Cowboys er kult, ein original som eg ser meg sjølv igjen i. Og så likar eg dokumentarer om andre idrettsstjerner.

Høyrer på: - «Ingenting». Ein dag kan eg høyre på Bjørn Eidsvåg, medan det vert noko heilt anna ein annan dag. Drusar diggar eg også.

Les: - Petter Stordalen si bok har eg nett lese. Bøker om mental trening og bøker om elitesoldatar. Bøker eg kan hente inspirasjon frå, og motivere meg sjølv med.

Elles: - Når eg har stor smerte eller er i fare, tenkjer eg på fargen grøn.

Les også