Eksamenstida snart i gang for 240.000 elevar

Publisert 11.05.2017 15:05, oppdatert 11.05.2017 15:05 - NTB - tips@stottmedia.no

Eksamenstida snart i gang for 240.000 elevar

Om kort tid byrjar eksamensperioden for elevar i grunnskulen og på vidaregåande. Før ferien byrjar skal 240.000 elevar ta 278.000 eksamenar i 400 ulike fag.

Fredag klokka 9 får elevane vite om dei kjem opp i eksamen og i så fall i kva fag, opplyser Utdanningsdirektoratet.

Sjølve eksamensperioden startar tysdag 16. mai. Da skal 21.000 elevar på 10. trinnet ta matteeksamen. Den største eksamensdagen målt i talet på som tar eksamen, er 24. mai. Da skal rundt 50.000 elevar i tredjeklasse på vidaregåande ha eksamen i norsk hovudmål.

Eksamensperioden varer til og med onsdag 7. juni.

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7