Elisabeth blir Førde sin første betalte symjetrenar

Publisert 26.09.2016 14:38, oppdatert 26.09.2016 16:11 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

Elisabeth blir Førde sin første betalte symjetrenar

- Det blir kjempespennande, seier den nyleg tilsette symjetrenaren.

Førde: For første gang i historia har symjegruppa til Førde tilsett eigen symjetrenar, og jobben gjekk til 22 år gamle Elisabeth Mundal.

- Eg er veldig interessert i symjing og har helde på sidan eg var sju år gamal – og så følgjer eg med på alt innan symjing i både OL og VM, seier Mundal til Fordeby.no.

- Det skal bli gøy å starte.

Tidlegare har trenararbeidet innan symjegruppa stort sett bestått av dugnadsånd frå foreldre og andre eldsjeler mot symbolsk betaling. Men no er det Mundal som tar over hovudansvaret for dei 30 symjarane i Førde si «treningsgruppe». Til saman er det rundt 400 medlemmar i idrettslaget.

- Det er ho som skal ta seg av det meste og har hovudansvaret. Elisabeth blir Førdes første tilsette symjetrenar og vi håpar at dette skal vere med på å skape litt betre kontinuitet rundt treningstilbodet i gruppa, seier Øystein Erland.

Spenst inn som sponsor

På spørsmål om dette er ei satsing mot det å bringe lokale talent opp til norgestoppen er svaret til den nye trenaren dette:

- Eg håpar at vi skal få dei opp på toppnivå, men då må dei satse skikkeleg og opphalde seg mange timar i bassenget, seier Mundal.

Treningsgruppa har per i dag opp mot seks treningar i veka.

Nysatsinga er eit samarbeid som vert til med hjelp frå Spenst Førde, som går inn som sponsor for FIL symjing.

Måndag var Elisabeth Mundal og Øystein Erland i Førde IL symjing innom Spenst Førde og senterleiar Kent Roger Engdal (t.h) for å signere sponsoravtale. I tillegg til trenarrolla i symjegruppa skal ho begynne som personleg trenar på senteret. Foto: Børje Fonn Skaar.

Les også