Etterspurd behandling

Publisert 03.05.2017 10:40, oppdatert 03.05.2017 10:40 - Redaksjonen, Førdeby - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Etterspurd behandling

«Microblading» er det nye hos Din Salong Negler i Førde.

Førde (samarbeidspartner): - I anledning sommarsesongen har vi sendt Kamila Legomina på kurs for å lære seg microblading. Dette har vore ei veldig etterspurt behandling innan permanent makeup her på salongen, seier dagleg leiar, Janne Engebø Strømmen, til Fordeby.no.

Sesongen er her. Då det er mange som ønskjer å ordne både negler, hår og bryn, til blant anna konfirmasjonar og bryllaup – ein skal heller ikkje gløyme den store nasjonaldagen.

Og for bryn eigne bryn meiner Strømmen at det nye store er microblading

- Bryna våre framhevar og rammer inn andletet vårt, og vi ser at fleire vel å sminke, farge, eller få utført ein permanent makeupbehandling.

- Kva er det som skil denne frå alle dei andre tilboda som er på marknaden?

- Her tatoverer vi inn tynne strekar som ser ut som dine eigne hårstrå, i den fargen som passar deg best. Og alt vert gjort manuelt. Slik oppnår vi ein 3D-effekt som varer opp til 1 ½ år, seier Engebø, og legg til at det er mykje som må bli tatt omsyn til ved ei slik behandling.

IMG_2151
IMG_2171

'Før og etterbilde av Malin Emind, som var inne til første behandling av bryn på Din Salong Negler. Foto: Førdeby.

- Det er ikkje mykje rom for feil eller slurv, samtidig som det er viktig at ein følger hygieniske føreskrifter.

Sesongstart

Med bryn, negler og vipper på agendaen er det mykje som skal gjerast dei komande månadane på salongen.

- Det er mange som har faste rutinar på dette, men det er klart at vi opplever større pågang no som det nærmar seg 17. mai, konfirmasjon og bryllaup. Draumen om velstelte hender og føter til sommaren er det mange som vel å gjere til verkelegheit. Noko som er forståeleg, opplyser Engebø, og smiler.

- Så får vi som arbeider her ta ferie til hausten. Det har vi ikkje tid til akkurat no.

For å bestille time hos Din Salong Negler kan du trykke deg inn på denne lenka.

IMG_2226

Dagleg leiar, Janne Engebø Strømmen, her saman med tilsett Kamila Legomina. Foto: Førdeby.

Les også