Foto: Førdehuset

Publisert 29.08.2018 17:05, oppdatert 31.08.2018 09:53 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

FRODE ALNÆS BAND

Alnæs dansar vidare med suksessframsyninga!

Etter braksuksessen våren 2018 og strålande kritikkar frå både presse, publikum og arrangørar, fortsett Frode Alnæs si reise med soloframsyninga «Min dans med strenger».

Våren 2018 besøkte han 35 kulturhus over heile landet. Til hausten ventar nye kulturhus på å få besøk av Alnæs, som reknast som ein av Norge sine beste gitaristar og entertainarar.

– For meg og alle som har jobba med framsyninga er dette eit eventyr. Vi har fått berre gode kritikkar og terningkast 6, så vi kan jo ikkje gje oss no. Derfor er det veldig stas at vi skal ut på vegen også til hausten, seier Frode Alnæs.

Framsyninga «Min dans med strenger» er ei konsertframsyning som spelar på hele følelsesregisteret, frå hysterisk latter til meir såre tema. Her inviterer den folkekjære artisten publikum med på ei personleg, underhaldane og glitrande musikalsk reise full av historie henta frå eige liv. Publikum får servert nye låtar, musikkhistoria sine mest kjende gitarlåtar og ikkje minst hits frå Frode si solokarriere og frå Dance With A Stranger. Dette er ein stor produksjon med fire mann på scena, videodesign samt lys- og lyddesign.

 

Min blues
«Min dans med strenger» handlar om gitaren som venn, trøst, gledesspredar, reisefølge og kunstnarisk uttrykk. Den handlar om eit livslangt vennskap med instrumentet som trøsta då håret datt av som 11-åring, om det å være annleis, til det å slå igjennom som musikar og å bli ein berømt gitarist, artist og komponist.

– Eg skjulte meg jo med parykk i 16 år. Det er klart det har prega livet mitt å ikkje stå fram som den eg var. I tillegg til all humoren og latteren i framsyninga ynskjer eg å fortelle ei historie om det å være annleis, men å snu det til ei styrke, sier Alnæs.

 

Lokale gjestegitaristar
På kvar stad har lokale gitartalenter, for det meste ungdom, blitt invitert opp på scena og medverka på ein sjølvvalt låt. I vinter opplevde 35 lokale gitaristar å få spele med Frode og bandet. - Dette har vært ein stor suksess, og gjeve framsyninga ein ekstra dimensjon. Både publikum og vi på scena har elska dette innslaget. Kvar kveld blir ein unik oppleving, og eg trur dette har betydd mykje også for gitaristane rundt omkring i landet.

Førdehuset, Storsalen, mandag 19 november kl. 19.00

Les også