Færre omkomne i trafikkulykker hittil i år

Publisert 01.08.2017 11:29, oppdatert 01.08.2017 11:29 - NTB - tips@stottmedia.no

Færre omkomne i trafikkulykker hittil i år

I alt 58 personar har mista livet i trafikkulykker dei første sju månadane i år. Det er det lågaste registrerte talet så langt på året sidan 1940-talet.

Dei første sju månadane i år har i alt 58 menneske mista livet i trafikken, viser førebelse tal frå Trygg Trafikk.

I juli omkom ni personar på vegane. Sju av dei omkomne var menn og to var kvinner. Av dei omkomne var fem bilførarar, ein mc-førar og tre var syklistar. I gjennomsnitt dei førre fem åra har i alt 17 personar omkomme i vegtrafikkulykker i juli månad. Statistikken viser at det er ein betydeleg nedgang i talet på unge i alderen 16–24 år som blir ramma av ulykker. Hittil i år er det registrert sju omkomne i denne aldersgruppa, noko som er ei halvering av periodegjennomsnittet frå januar til juli i åra 2010–2016.

Trygg Trafikks tal er basert på politirapporterte ulykker via Trygg Trafikks distriktsleiarar i dei 19 fylka.

(©NPK)

Les også