Fagleg fylgje i siste fase av livet

Publisert 07.11.2016 08:23, oppdatert 07.11.2016 08:26 - Karianne R. Øyen (Kreftsjukepleiar i Palliativt team og høgskulelektor ved Høgskulen) Kristin Vassbotn Guldhav (Kreftsjukepleiar i Palliativt team og regional medarbeidar i Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest) - tips@stottmedia.no

Fagleg fylgje i siste fase av livet

Kronikk: Omgrepet «lindrande behandling» omfattar både behandling, pleie og omsorg, og er synonymt med fagutrykket palliasjon. Vi håper at dette innlegget kan spreie meir kunnskap om temaet, skriv kronikkforfattarane.

«Vi skal alle dø en dag. Men alle andre dager skal vi leve»

Orda er frå den svenske forfattaren Per Olov Enquist. Helseminister Bent Høie valgte seg desse orda då han i år opna den 14. landskonferansen i palliasjon, «Liv til dagene». «Liv til dagene» er eit sentralt mål innan fagfeltet lindrande behandling.

Som helsepersonell som jobbar med alvorleg sjuke og døyande, opplever vi stadig å møte pasientar og pårørande som er lite kjende med kva lindrande behandling er, og kva tilbod som finst i Sogn og Fjordane. 

Vi håpar at dette innlegget kan spreie meir kunnskap om fagfeltet og at tilbodet kan bli betre kjent for innbyggjarane i fylket vårt.

Lindrande behandling

Omgrepet lindrande behandling omfattar både behandling, pleie og omsorg, og er synonymt med faguttrykket palliasjon. Palliasjon kjem frå det latinske ordet pallium, som tyder kappe. Ordet uttrykker vern og omsorg.  

Palliasjon som fagfelt har til hensikt å forbetre livskvaliteten til pasientar med ulækjeleg sjukdom, inkludert støtte til pårørande. Pasientar som møter ein livstrugande sjukdom eller er i livet si sluttfase, kan ha utfordringar av fysisk, psykisk, sosial eller åndeleg/eksistensiell art. Lindrande behandling omfattar forskjellege tilbod som god pleie, medisinar, strålebehandling, kirurgi, fysioterapi og samtalar med ulike profesjonar.  

Omsorg til døyande er og ein viktig del av den lindrande behandlinga. Lindrande behandling og omsorg verken framskundar døden eller forlengjer sjølve dødsprosessen, men ser på døden som ein del av livet. 

Arbeidsformer i lindrande behandling

Forsking syner at førebygging og tidleg identifisering av symptom gjennom systematisk og grundig kartlegging er viktig for å vurdere og lindre plager. Sidan utfordringane ofte er samansett av ulike dimensjonar, er ei tverrfagleg tilnærming nødvendig. I tillegg til legar og pleiararar er fysioterapeut, ergoterapeut, prest, sosionom og psykolog døme på faggrupper som samarbeider. Når pårørande er barn og ungdom, kan tilsette på helsestasjon, barnehage og skule vere viktige støttespelarar.  

Målet er at ein gjennom samhandling skal kunne gje pasienten og familien ei best muleg heimetid trass alvorleg sjukdom. 

Tilbod om lindrande behandling i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane ytast lindrande behandling både i spesialisthelsetenesta og i den kommunale helse - og omsorgstenesta. Dei ulike omsorgsnivåa samarbeider om å gje eit best mogleg tilbod. På dei tre sjukehusa våre i fylket bidrar både sengepostar og poliklinikkar med  forskjellege former for lindring. Gjennom tilbod frå heimetenesta og sjukeheimar  i den enkelte kommune, kan pasientar med ulækjeleg sjukdom få vere på heimplassen sin den siste tida.

Ved 15 sjukeheimar i fylket er det oppretta eigne rom med øyremerka palliative senger. Sentrale  aktørar for god lindring i kommunane er i tillegg fastlegar og sjukeheimslegar.  Som spesialisert tilbod har Helse Førde eit ambulant tverrfaglig team, Palliativt team, som arbeider med rådgjeving og oppfølging av pasientar med ulækjeleg sjukdom og deira  familiar. Palliativt team har samarbeid med dei ulike sjukehusa og tilsette i kommunehelsetenesta i alle kommunane i fylket. Ved behov reiser Palliativt team ut og møter pasienten og kollegaer i kommunen.

Palliativt team er tilknytt Kreftavdelinga i Førde, men har sitt arbeidsfelt rundt på alle avdelingar på sjukehuset der det er behov. På Kreftavdelinga  i Førde har ein 3 eigne palliative senger.

Nettverk av ressurssjukepleiarar innan kreftomsorg og lindrande behandling

For at kompetanse skal bli fordelt rundt i fylket, er det  bygd opp eit læringsnettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane. Samarbeidet er formelt forankra gjennom ein delavtale mellom Helse Førde og kommunane. Per i dag er det 98 sjukepleiarar i nettverket, fordelte på alle kommunane og sjukehusa i fylket.

Fleire av desse sjukepleiarane har vidareutdanning innan anten kreft eller palliasjon. Ein ressurssjukepleiar skal både jobbe pasientnært og drive med kompetansebygging gjennom internundervisning og/eller systemutvikling på eigen arbeidsplass. Målet er at  pasienten og familien kan oppleve fagleg kvalitet på omsorgstenestene, uansett kva kommune ein høyrer til. Nettverket er drifta av dei regionale medarbeidarane ved Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest.   

Kreftkoordinatorar i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane er det tilsett 6 kreftkoordinatorar, fordelt på 12 kommunar. Ein kreftkoordinator arbeider i tett samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer ute i kommunane. Tilbodet er eit  «lavterskel» tilbod som ikkje krev tilvising frå lege. Kreftkoordinatorane skal mellom anna koordinere og leggje til rette tilbod i kvardagen for kreftsjuke og pårørande, og vere eit bindeledd mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

Det er eit håp om at fleire kommunar i fylket vil få dette tilbodet, då det er nasjonale føringar for at kvar kommune skal ha eit slikt tilbod.   

Pårørande som viktig samarbeidspart

For at pasienten og dei pårørande skal få verdifull tid saman, tilbyr ein den økonomiske støtteordninga «pleiepengar». Ordninga gjennom NAV gjev pårørande rett til 60 arbeidsdagar fri med lønn for å kunne pleie den sjuke i heimen. Helsepersonell sitt samarbeid med pårørande er ofte nøkkelen for å skape ei god og meiningsfull tid heime for den sjuke.

Støtte til pårørande er avgjerande for at dei skal kunne vere trygg på å ta ansvar heime når eit familiemedlem er i livet si sluttfase.

Til dykk som står i ein situasjon der du eller nokon andre du kjenner, er ulækjeleg sjuk, vil vi seie:  Vi vil og vi kan stå saman med dykk ! Gjennom fagleg følgje i livet sin sluttfase vil vi forsøkje å gje liv til dagane, når ein ikkje lenger kan gje dagar til liv.

Les også