Far og dotter slår seg saman under same tak

Publisert 05.04.2017 19:09, oppdatert 05.04.2017 19:09 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

Far og dotter slår seg saman under same tak

Torgbua og Førde Glassmagasin, som tidlegare har lege nesten vegg i vegg på Elvetorget i Førde, har no slege seg saman under same tak – og blitt til ein butikk.

Førde: (Samarbeidspartner) Far og dotter, Arne Kirkebø og Anita Kirkebø Marskar har drive kvar sin butikk dei siste tolv åra.

Ein epoke er over, når dei no har valt å flytte Førde Glassmagasin inn i Torgbua sine lokale på Førdes vestliggande handelssenter.

- Vi begynte på Handelshuset, men flytta etter kvart over til Elvetorget med dei to butikkane. Så no har vi då altså valt å slå dei saman til ein, seier Anita Kirkebø Marskar, til Fordeby.no.

Dei fortel at målet er å skape ein levande butikk med stort vareutval.

Butikk med sjel

- Ein butikk med sjel, som har det folk treng til huset sitt.

- Samtidig skal det vere ein del utradisjonelle ting i hyllene også. Og så blir det enklare for kundane å kome innom og finne det meste her. Enkelt og effektivt, legg Arne Kirkebø, til.

Arbeidet med å komme i hus starta dei med i januar, og dei er endå ikkje heilt i boks. Ettersom at lokalet til glasmagasinet ikkje blir stengt heilt ned før Mix-kiosken, som er tiltenkt butikklokale, ikkje har funne nokon som kan drive den endå.

- Det har vore ein lang prosess, men det begynner å nærme seg.

Positiv respons

- Korleis har responsen frå kundane vore?

- Vi får høyre at det er betre oversikt her no, og at det er enklare å finne fram til det ein er ute etter. For det meste er det jo det positive vi får høyre, seier dei to med eit smil.

Smilet, skal ein tru dei to blada Kirkebø, blir også sitjande sjølv om dei no må arbeide lange dagar i same butikken.

- Tidlegare har vi hatt ei armslengd avstand, men samarbeidet oss i mellom skal nok gå bra. Det er vi ikkje urolege for.

Namnet på den "nye" butikken vert Førde Glassmagasin.

- Men vi skal føre ein god miks av det opprinnelige vareutvalet som var i dei to butikkane våre tidlegare, seier Kirkebø Marskar, og ramsar opp, interiør, glas, servise, kjøkken, hage og andre husholdningsartiklar.

Les også