Feirar 110 år i Førde med nyoppussa butikk

Publisert 03.10.2017 18:42, oppdatert 04.10.2017 11:38 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

Feirar 110 år i Førde med nyoppussa butikk

- Det er eigentleg berre slump at desse to hendingane dett saman, seier dagleg leiar Anne-Grete Reikvam.

Førde (samarbeidspartner): Den gong, tilbake i 1907, vart apoteket som no heiter Apotek 1 grunnlagt på sørsida av Jølstra under namnet Førde Apotek, ifølgje Fylkesleksikon Sogn og Fjordane.

20 år seinare bygde dei eige bygg ved Langebrua og flytta butikken inn i huset som på den tid vart kalla "Pontoppidan" på folkemunne. Vidare gjekk turen innom både Magne Aase-bygget og Røde Kors-bygningen, før dei til slutt hamna opp i 1. etasje på Amfi Førde.

- Er det i samband med jubileet at de renoverer butikken?

- Tidspunktet passer bra, men det var eigentleg berre vår tur no. Det er Apotek 1-kjeda som oppgraderer butikkane deira med jamne mellomrom.

Nye produkt og utvida lokale

- Kva er nytt i butikken?

- Vi har betra klimaanlegget og gjort kundearealet større med betre lys. Samtidig er det nytt golv og større avdeling for sjølvval og nye produkt. Kontoret eller «bakresepturen» som vi kallar det er også utvida. Så det vert betre for både oss tilsette og kunden, påpeiker Reikvam til Fordeby.no

IMG_3351

Sjølvval hylla er blitt større og dermed er det plass til mange nye produkt. Foto: Førdeby.

Kring fem veker har dei arbeida med ombygginga av apoteket i handelssenteret.

- Det har tatt lang tid, men eg synes det har vore mindre kaos enn eg hadde rekna med eigentleg. Dei som har arbeidd her har vore heilt supre, og det verkar som at kundane ser at ting vert betre, som igjen har resultert i lite klaging over tilhøva.

- Dei siste dagane har det berre vore positive tilbakemeldingar, seier Reikvam, som ikkje vil gå ut med kor mykje det har kosta, utanom at det er snakk om betydelege summar.

Nyopning onsdag

Sjølve markeringa av nyopninga vert på onsdag, med både spesielle tilbod og kake.

- Vi håpar at publikum synes det har blitt eit innbydande apotek med godt vareutval og at det er lett å orientere seg, slik at dei sit att med ei god oppleving av butikken, avsluttar Reikvam med eit smil.

IMG_3342

Anne-Grete Reikvam (t.v) håpar at kundane skal få ei god oppleving av det "nye" apoteket deira. Foto: Førdeby.

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7