Finvêret er her

Publisert 28.06.2017 10:32, oppdatert 28.06.2017 10:32 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

Finvêret er her

Og det skal vare nokre dagar.

Sogn og Fjordane: - Onsdag kan indre strøk av fylket sjå 20-talet på gradestokken. Det blir stort sett fint ver heile onsdagen, men litt skiftande bris på kysten, og rundt Stad vil det vere liten kuling frå nordaust, seier statsmeteorolog Halldis Berge, til NRK Sogn og Fjordane tysdag.

Finvêret skal vare nokre dagar, men det kan sjå ut som at det vert meir ustabilt når vi bevegar oss inn i helga.

- Torsdag byrjar bra og finvêret held fram. Så skyar det til i løpet av føremiddagen. Men det ser ut til å vere opphaldsver, seier ho.

- Det er usikkert kvar det er nedbør eller ikkje i fylket fredag, men det ser ut til å bli stort sett bra, seier Berge, og avsluttar med at nedbøren held seg vekke fram til laurdag dei fleste stadane i fylket.

Les også