Fire tok NM-krav under styrkeløftstemne i Bergen

Publisert 20.06.2016 11:32, oppdatert 20.06.2016 12:09 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

Fire tok NM-krav under styrkeløftstemne i Bergen

Ingvild Lien, Ole-Marius Osland, Ole Arvid Jensen Nyland og Magnus Aasheim klarte kravet til NM i Styrkeløft sist torsdag. – Det var som forventa, seier Osland.

Førde/Bergen: - Det var eigentleg som forventa, at alle saman skulle greie å ta NM-krava, seier Ole-Marius Osland, til Fordeby.no måndags morgon.

Torsdag deltok styrkeløftarane frå Førde IL på Bjørgvin SK sitt styrkeløftarstemne i Bergen, der målet var å kvalifisere seg til NM i oktober.

Noko dei greidde med glans:

Ingvild Lien, som løftar i minus 72-kilos-klassa, tok personleg stemnerekord i både knebøy, benkpress og markløft, og enda opp med totalsum på 387,5 kilo. NM-kravet i dei ulike løfta er 315 kilo.

Ole-Marius Osland og Magnus Aasheim, som begge er i 83-kilos-klassa, enda opp med høvesvis 560 og 570 kilo. Kravet i denne klassa er 515 kilo.

Ole Arvid Nyland landa på 645 kilo i minus 120-kilos-klassa, 45 kilo over kravet.

- Totalt er vi fem personar frå Førde som er kvalifisert til NM i Oslo no, men vi håpar at to medlemmar til skal greie krava innan fristen. Då reknar eg med at vi blir ein av dei klubbane i Norge som er best representert, og kanskje det kan vere lov å håpe på nokre pallplassar også, smilar Osland.

IMG_9822

Ingvild Lien satte personleg stemnerekord i alle løfta sine. Foto: Privat.

Nøgd løftar

Ingvild Lien seier ho gleder seg stor til å delta under NM i styrkløft, for første gong.

- Eg er veldig fornøgd med resultatet på torsdag, og er kjempegira på å gjere det bra under NM, seier ho.

Kva plassering håpar du på?

- Eg har eigentleg ingen spesifikke mål med tanke på plassering, sidan eg er så pass ny i gamet. Eg gleder meg berre veldig til å delta, påpeikar Lien.

IMG_9906

Ole Arvid Nyland viser kva sunnfjordingar er laga av. Totalt løfta han 645 kilo i dei tre øvingane på torsdag. Foto: Privat.

Reiser til VM i Texas

Fredrik Våge Hovland (Kvit t-skjorte på toppbilde), som allereie er kvalifisert til NM, reiser i desse dagar til Kileen, Texas i USA, der VM i utstyrsfritt Styrkeløft vert arrangert 19. – 26. juni.

- Fredrik er sterk, så om han har dagen trur eg han kan gjere det veldig godt i VM, seier Osland om lagleiaren til Førde IL Styrkeløff, som løfter på torsdag.

- Det kan verke som at styrkeløft-miljøet i Førde har fått blod på tann?

- Miljøet i Førde har vakse seg til i det siste. Det kjem nok litt av dei gode resultata til Fredrik Hovland og Silvia Kapstad, noko som igjen gjer det artigare å halde fram. Det er tungt å motivere seg sjølv i denne sporten om ein står åleine, avsluttar styremedlem i Førde IL Styrkeløft, Ole-Marius Osland.

IMG_9566

Ole-Marius Osland gjer seg klar til å senke seg nedover i bøy under torsdagens stemne. Foto: Privat

IMG_9610

Magnus Aasheim tok NM-kravet i 83. kilos-klassa. Foto: Privat.

Les også