Flyselskap tilbyr fri ombooking til og frå Nice

Publisert 15.07.2016 11:46, oppdatert 15.07.2016 11:46 - NPK - tips@stottmedia.no

Flyselskap tilbyr fri ombooking til og frå Nice

Norwegian og SAS tilbyr kundar som skal reise til og frå Nice, fri ombooking. Har du billett med andre selskap, kan det vere at du er dekka av reiseforsikringa.

– Passasjerar med billettar til og frå Nice med avgang til og med 24. juli, vil få høve til å endre reisedatoen gratis fram til 7. august, opplyser pressekontakt Astrid Mannion i Norwegian til NTB.

Norwegian tilbyr dessutan refusjon av billettar til Nice med avgang fram til 24. juli.SAS stadfestar òg ovanfor NRK at dei tilbyr fri ombooking av reiser til og frå Nice den neste veka.

DNB: Reiseforsikring dekkjer avbestilling 
– Reiseforsikringane våre dekkjer avbestilling til og med torsdag 21. juli dersom ikkje flyselskapet eller reiseoperatøren kan booke om reisa, og heimreise frå Nice til og med torsdag 21. juli om du ønskjer å reise derfrå tidlegare enn planlagt.  Ta først kontakt med flyselskapet eller reiseoperatøren for å få booka om reisa, opplyser DNB i ei melding til kundane. Selskapet vurderer å forlengje avbestillingsfristen, avhengig av korleis situasjonen i Frankrike utviklar seg etter terrorangrepet i Nice torsdag.

Les også