Gjekk 50 prosent over takst

Publisert 07.09.2017 14:26, oppdatert 07.09.2017 14:29 - - tips@stottmedia.no

Gjekk 50 prosent over takst

Takst: 1 950 000. Salssum: 3 050 000. 1800-talshuset på Toene i Førde sprengde alle rekordar. 

Den sjarmerande einebustaden var omtalt som eit rehabiliteringsobjekt i salsoppgåva frå Garanti Eigedomsmekling i Førde. Meklar Tore Berqvam vil ikkje kommentere salet, og seier til Førdeby at prisen vil bli offentleg når transaksjonen er tinglyst.

Heller ikkje takstmann Bjarte Roska vil uttale seg til Førdeby.

Ikkje eit tomtesal

Mange har spekulert i om ein ny eigar ville rive bustaden (som var ny i 1890 og delvis modernisert/påbygt 100 år seinare) og bygge nytt på tomta på 700 kvadratmeter. Men etter det Førdeby veit, skal huset stå. 

Godt over snittet

Gjennomsnittsprisen for einebustader i Førde var i august i overkant av 24 000 kroner per kvadratmeter P-rom (kjelde: Finn.no). Huset på Toene er på 100 kvadratmeter P-rom, noko som gir ein kvadratmeterpris på 30 500 kroner. Det er 25 prosent over gjennomsnittet for slike bustader i Førde. 

BBB

Toene er - som salssummen viser - eit svært attraktivt område i Førde. Sentralt, innafor bomringen, i rolege omgjevnader og med trygg gangveg til skular og barnehagar er det ikkje ofte det blir omsett einebustader i dette strøket. 

Dermed står det gamle slagordet om kva som er viktigast for ein bustad fast: Beliggenheit x 3.

Les også