God start i nyopna senter

Publisert 28.09.2017 19:03, oppdatert 28.09.2017 19:12 - - tips@stottmedia.no

God start i nyopna senter

- Europris hadde ei svært god åpningsveke, og har tilsett fleire medarbeidarar. Vi er glade for å få Rema 1000 som nabo og vil nok dra nytte av kvarandre i framtida. 

Det seier butikksjef Olin Eide i Europris Førde til Fordeby.no. 

Ho har vore i stillinga i Førde i berre to månader etter fem år hos Europris på Sandane og kunne notere rekordomsetnad på opningsdagen i dei nye lokala. 

Omfattande flyttejobb

Europris opna den nye butikken i Øyrane Senter 12. september og var dermed nærast veletablert då Rema 1000 opna dørene for første gong torsdag. Eide var sjølv på reisefot under opningsfesten til nabobutikken, og har hatt det hektisk sidan nyopninga til Europris.

-Det har vore ein krevande prosess med varetelling og utflytting frå den gamle butikken og inn i dei nye lokala. Men det har vore verdt innsatsen. Dei første fem opningsdagane hadde vi 5000 kundar i butikken. At Rema 1000 no opnar vil slå ut positivt for begge partar - vi vil trekke kundar til kvarandre, trur Eide. 

Europris Førde tel no i alt 12 tilsette, seks av dei på heiltid. 

Populær pris

Senteret, som har rikeleg med parkeringsplassar i kjellaren og enkel tilkomst til butikkane, har vore tomt dei siste åra. Dei fem eigarane Magne Kolstad, Frode Sevaldrud Ole Jonny Øen, Arild Vie og Harald Aam har hatt mange planar sidan dei kjøpte bygget nærast på impuls i 2013. 

20170928_170026_resized

Magne Kolstad (t.v.) og Arild Vie er to av eigarane i Firdavegen 20 AS, som eig Øyrane Senter.

- Det har vore snakk om skule- og teknologisenter eller å gjere om andre etasje til leilegheiter. Men bygget var i utgangspunktet innreia til butikklokale, og ei ombygging ville bli dyrt. Sidan bygget er bygt for store butikkar, var det perfekt å få  Europris og Rema 1000 på plass berre nokre månader etter at Fagmiljø flytta inn, seier Vie og Kolstad til Fordeby.no. 

IMG_3290

Tørrskodd frå bil til butikk: Det er  - som dei fleste veit - ikkje alltid sola skin i Førde. Då kan det vere godt å gå under tak frå bilen til butikken.

På opningsfesten til Rema 1000 vart det lokka med billeg mat - billegare enn vanleg. Og det beit sunnfjordingane på til gagns. For med 20 prosent avslag på all mat dersom kunden hadde lasta ned butikkjeda sin utskjelte app (Æ), var det jamn pågang til senteret heile dagen. 

IMG_3310

Det vanka også ein kakebit til dei som tok turen til Øyrane Senter på opningsdagen.

Frir til fleire 

Det tok fire år å få inn dei første tre leigetakarane, men eigarane trur siste etappe blir atskilleg enklare:

- Vi har framleis nokre kvadratmeter ledig - 1700 for å vere nøyaktig. Med gode trekkplaster som Rema 1000, Europris og Fagmiljø på plass, tek det nok ikkje lang tid å fylle resten av huset. Vi skreddersyr dei ledige lokala til butikkar som vil inn eller firma som treng kontorplass, annonserer Kolstad og Vie.

Dermed ser eit fire år langt løp til å nærme seg slutten, og eit tidlegare dødt senter til å gå ei lys framtid i møte. 

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7