- Godt å vere i gang

Publisert 09.10.2017 08:48, oppdatert 09.10.2017 08:50 - redaksjonen - tips@stottmedia.no

- Godt å vere i gang

Torsdag var det stor pågang av publikum som ville ta ein kikk på den nyopna optikarbutikken til Hege Helgås på Elvetorget i Førde.

Førde (samarbeidspartner): - Eg anar ikkje kor mange som har vore innom, men det har vore full butikk sidan vi opna i dag tidleg, seier Helgås, då Fordeby.no møter den nye butikkeigaren kring klokka tre på opningsdagen.

Etter ni år på Brilleland har ho valt å starte eigen optikarbutikk som franchise for Specsavers. Med seg på laget har ho Esther Meland, Olaug Marie Gilen Myrmel og Anders Grønli - som også arbeidde på Brilleland tidlegare.

- Vi har vore kollegaer over lengre tid og arbeider veldig godt i lag. Så den forandringa det er å bytte til Specsavers går seg nok til ganske greitt. Vi er rutinerte alle som er her, seier ho med eit smil, og legg til at sjølve opningsdagen har gått over all forventning.

- Det har vore mange kundar, både nye og kjende fjes og tilbakemeldingane har vore veldig positive, så det er godt å vere i gang.

IMG_3433

Hege Helgås og Esther Meland. Foto: Førdeby.

- Har blitt tatt godt imot

Senterleiar på Elvetorget, Anne Karin Steen, har berre lovord å gje til den nyetablerte butikken på handelssenteret.

- Først og fremst er det kjekt at butikken vart så fin. Det er viktig når det er ein av dei første butikkane ein ser når ein kjem inn på senteret.  Samtidig er Helgås ein positiv og engasjert eigar som vi ønskjer hjarteleg velkommen her hos oss, med ein butikk som fell inn under den store allsidigheita som er på huset, seier Steen.

Ein velkomst Helgås og Specsavers set pris på:

- Vi har blitt tatt veldig godt imot av senteret og huseigar. Dei har vore veldig positive og lette å samarbeide med. Så med det i botn og ein god opningsdag så gleder vi oss til fortsettinga.

IMG_3366

Specsaversbutikken er ein av dei første du ser når du kjem inn hovudingangen til senteret. Foto: Førdeby.

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7