Foto: Fordehuset.no

Publisert 19.06.2018 19:58, oppdatert 19.06.2018 19:58 - - tips@stottmedia.no

HENNING KVITNES & GUTTA I BANDET

Henning Kvitnes & Gutta i Bandet til Førdehuset torsdag 18.oktober
”40 år på vegen – og 60 rundar rundt sola” –

På seinsommaren 2018 kjem Henning med eit nytt album; ” 60 rundar rundt sola” – og feirar samtidig 40 år på vegen med ein turne med ”Gutta i Bandet” frå slutten av september.
6 Guttær på scena og forhåpentleg vis fult i salen.
Turneen blir ingen mimring i gamal grut, men ein blanding av nye songar, dei mest kjente, og nokre gløymde eller gløymde perler frå hans svært store samling av songar på Norsk.
Det var eigentleg ikkje meining å gje ut fleire album, men songar pressa seg på og ville ut i verda – og eit trufast publikum fortener noko nytt ?
Poetisk, melodiøst, rocka, humoristisk og personlig er stikkord - frå ein jordnær songpoet heilt frå søraust i landet – som dei siste 10 -15 åra har hatt ein eventyrleg publikumsoppslutnad.

For billettar og info

Les også