Hans og Grete - Bergen Nasjonale Opera

Publisert 11.09.2017 14:58, oppdatert 13.09.2017 09:41 - - tips@stottmedia.no

Hans og Grete - Bergen Nasjonale Opera

Ei svært spanande og fantasifull framsyning, der vi følger Hans og Grete inn i ein skog full av uventa farer og ei skummel heks!

Alle har vi eit forhold til det kjende eventyret Hans og Grete frå brørne Grimm si samling. Engelbert Humperdinck har skreve ein kjend opera med same namn.

Bergen Nasjonale Opera gir oss ein heilt ny, fantasifull versjon av Humperdincks opera. Med alle typar innovative visuelle effektar og virtuos klaverakkompagnement, kan du forvente ei spanande framsyning.
Regissør James Bonas er kjend for sitt svært fantasifulle arbeid for born og unge. Fem songarar skal turnere til ti spelestader på Vestlandet. Sopran Elizabeth Gimmestad i rolla som Grete og Rita Therese Ziem syng rolla Hans.

Historia
Hans og Grete er borna til en fattig tømmerhuggar. Dei bur i et lite hus saman med faren og den onde stemora si. Då nauden blir for stor, overtalar stemora faren til å lata att borna til sin eigen skjebne ute i skogen. Her finn dei eit hus laga av brød, kaker og sukker, og dei forsyner seg av huset. Men i huset lever ei heks, ein menneskeetar! Heksa fangar begge, gjør Grete til tenestejente og set Hans i eit bur for å feite han opp slik at ho kan ete han. For å undersøke om guten er blitt tjukk nok, kjenner den halvblinde heksa kvar dag på fingeren hans. Men Hans er lur, så istaden for fingaren, så strekker han kvar dag ut ein liten knokkel han har funne i maten. Då heksa skjønar at Hans ikkje blir feitare, mistar ho tålmodet og bestemmer seg for å ete han likevel, feit eller ikkje. Ho ber Grete sjå til om omnen er varm nok. Men Grete seier at ho er for lita til å sjå inn i omnen. Difor må heksa sjølv sjå etter. Då ho åpnar omnen dyttar Grete henne inn i den og ho brenn opp! Borna tar med seg skattane frå heksehuset og finn vegen heim att til faren. Den onde stemora er i mellomtida død, så no lever borna og faren lykkeleg saman og har nok å ete.

Varighet: 1 t og 20 min. utan pause
Språk: Tysk original, vert sunge på norsk 
Anbefalt frå 8 år

Opera
Komponist: Engelbert Humperdinck
Librettist: Adelheid Wette

Team
Regissør: James Bonas
Scenograf: Tom Paris
Kostyme: Tom Paris
Musikalsk ansvarleg: Stephen Higgins

Cast
Hans: Rita Therese Ziem
Grete: Elisabeth Grimmestad
Faren: Halvor Melien
Mor/Heksa: Ingunn Kilen
Jon Blund/Duggfe: Hilde Anine Hasselberg

Elevar frå 7. trinn på Førde Barneskule er med på framsyninga!

For billettar og meir info klikk her

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7