- Har sakna eit slikt tilbod

Publisert 22.03.2017 10:08, oppdatert 24.03.2017 10:05 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

- Har sakna eit slikt tilbod

Dei siste fire vekene har Sari Koskinen lært vekk sykunst til nybegynnarar i Førde. - Sying er i tida igjen, er tilbakemeldinga frå deltakarane på kurset.

Førde: (Samarbeidspartner) - Som du ser så er det ikkje berre gamle damer som syr. Her er alle under hundre år, seier Kari Saiasse Esaiassen, og påpeikar det absurde, med eit lurt smil.

For aldersspennet på dei fem deltakarane - som har benytta seg av sykurset til Folkeuniverisitetet, med Koskinen ved rorert dei siste fire vekene - begynner på 26 og endar allereie når ein kjem til 60.

- Vi har sakna eit slikt tilbod. Eller det er noko eg har tenkt på lenge, og no føler eg at eg kan veldig mykje om sying, seier Janne Stellberg Øksnes.

F.v: Emerense Gjesdal, Ida Øksnes, Randi Vigdal, Kari Saiasse Esaiassen og Janne Stellberg Øksnes følgjer nøye med når Sari Koskinen går gjennom korleis ein skal bruke symaskina. Foto: Børje Fonn Skaar.

Starta med blanke ark

- Før kunne eg ingeting.

- Og så er det i tida no, med kjendisar som driv med redesign av gamle klede. Samtidig som at det er miljøvenneleg, legg Esaiassen til.

Første veka starta dei med å sy eit handlenett i kraftig canvas, etter å ha børsta over dei grunnleggande teknikkane.

Noko Sari Koskinen, som er dagleg leiar av Sybutikken Sting for Sting, meiner er å slå i hel to fluger i eit smekk.

- Det er både miljøvennleg og nyttig. Så slepp ein å kjøpe så mange plastposar kvar gong ein er i butikken.

Handlenett og barnekjolar

Frå handlenett, bar det vidare til å sy barnekjolar - noko som er hakket meir avansert.

- Deltakarane har vore veldig lærevillige, ivrige og spurt om tips heile vegen, så det har vore kjekt å halde kurset for dei, seier Koskinen.

- Kva er det ein kan bruke eit slikt kurs til?

- Det er så mangt, men det eg merkar folk etterspør i butikken er reperasjon av glidelås på dongerien, opplegging av dressbukser og
finkjolar og innsying og utsying. Det er noko av det praktiske ein kan bruke handverket til. Så har du uante kunstneriske bruksområdet som kjem i tillegg.

Ida Øksnes i gang med sying av barnekjole. Foto: Børje Fonn Skaar.

Handlenett var det første deltakarane på kurset laga. Foto: Børje Fonn Skaar.

Les også