Høgsesong for catering og kakebaking

Publisert 28.04.2017 10:28, oppdatert 28.04.2017 10:28 - Førdeby, redaksjonen - tips@stottmedia.no

Høgsesong for catering og kakebaking

- Det vert nokre timar ekstra på kveldstid og i helgene i desse tider, seier Anette Hestad, ved Ferske Smakar.

Førde - (samarbeidspartner): - Det er ein viktig periode for oss, der det vert mykje arbeid og overtid på arbeidsplassen, seier Hestad.

- Men stressfaktoren er velkomen. Vi kosar oss på jobb, legg ho til, med eit smil.

Perioden det er snakk om er eit overgangsritual mellom barndom og vaksenalder. Familien samlast og feirar konfirmasjon.

Sleng ein med 17. mai og bryllaupsesongen, så er det klart at det er mange kaker og mat som skal serverast til bodne gjestar i tida framover.

- Vi er kanskje mest kjent for kakene vi leverer, men vi er også veldig gode på catering, reklamerer Hestad.

Lokale råvarer

Hestad, som driv Ferske Smakar i tredje etasje på Amfi Førde saman med Gudrun Johanne Eikeland og 13 tilsette, seier at catering er noko dei ønskjer å vekse seg større på.

IMG_2274

Anette Hestad og Gudrun Johanne Eikeland har drive Ferske Smakar på Amfi Førde sidan 2013. Her er kakepynt under arbeid. Foto: Førdeby.

- Per dags dato er catering-tilbodet ein stad mellom 10 og 20 prosent av arbeidet vårt. Så det er enda litt å hente der. Og så satsar vi stort på bruk av lokale råvarer, som sjøkreps frå Florø, eigenskote hjort, epler frå Vie og Naustdal, bær som er plukka sjølv og andre godsaker, alt handlaga, seier Hestad.

- Må ein vere tidleg ute med bestilling?

- Det er lurt å vere tidleg ute, men vi har ledig kapasitet i månadane framover.

Hos Ferske Smakar meiner dei at catering er noko som vert meir og meir brukt til selskap og hendingar rundt om kring i Førde og omegn.

- Det har nok med at det ikkje er alle som har tid til å gjere alt sjølv. Då er det enkelt at vi ordnar alt som har med mat å gjere, avsluttar ho.

IMG_2394

Fisk og lokale råvarer er populært. Foto: Førdeby.

Les også