I tida med «fingerdilla»

Publisert 22.05.2017 18:56, oppdatert 22.05.2017 18:57 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

I tida med «fingerdilla»

Fenomenet med dagens «fidget»-leiker spreier seg stadig i Norge, og no er det nye supplementet til spinnarane i butikken.

Førde - (samarbeidspartner): «Thumb Chucks» som det heiter, er ein leike som involverer to farga ballar som heng saman i ein tråd. Dermed kan ein bruke denne til spinne ballane med forskjellige triks som ein lærer etter kvart.

På Yes – vi leker i Førde kom den nye «dilla» i butikkhyllene 16. mai.

- Den blir som eit supplement til spinnaren som vi har opplevd heilt enorm etterspurnad med, og sidan det er så populært med fingerleiker akkurat no, så har eg ein god følelse på at «Thumb Chucks» blir etterspurd etter kvart også, seier eigar av butikken, Oddrun Steen, med eit smil.

- Med slike trendar er det berre å vere raskt ute, og hive seg på, legg ho til.

Steen meiner at dei nye leikane er ein god ting å ha med seg når det no nærmar seg sommar og ferietid.

IMG_2652

Thumb Chucks er det nye supplementet til den populære spinnaren. Foto: Førdeby.

- Så har ungane noko å bruke medan ein ventar, eller sit i bilen. Det som er så bra er at dei er lette å ta med seg overalt. Perfekt
tidsfordriv, seier ho.

Ventetida er over

Fidget Spinners som starta årets trend med fingerleikar, har vore utseld nesten sidan første forsyning kom inn. På Yes vi leker! på Elvetorget har dei operert med venteliste sidan, men i løpet av morgondagen skal ventetida vere over.

- I løpet av dagen i morgon kjem det inn to heilt nye typar Fidget Spinners i butikken. Følger ein med på Facebook-sida til Yes vi leker! Førde, så kjem det ut meir informasjon om tidspunkt, seier Steen, til Fordeby.no.

Her kan du trykke deg inn på Facebooksida til butikken.

Les også