Invasjon! - Sogn og Fjordane Teater

Publisert 06.11.2017 16:30, oppdatert 06.11.2017 16:30 - - tips@stottmedia.no

Invasjon! - Sogn og Fjordane Teater

Kven og kva er Abulkasem? Kva tyder dette mystiske ordet ? For nokre vener på ungdomskulen blir det til ein magisk formel som kan møte kva utfordring som helst. Eit adjektiv som skildrar det utenkjelege. Ein identitet som kan skjule kva som helst. Snart tar det av. Abulkasem er over alt. Han vert sjølve symbolet på det uangripelege, ukjente. Han kan klandrast for kva som helst. Hvis han berre kunne fangast og blitt stilt til ansvar for det. Mytene spinn og kjerna av sanning vert meir og meir utviska.
Khemiri sin karusell av ein teatertekst set kampen mellom tillit og fordømming i sving og stiller betimelege spørsmål om fryktretorikk og framandskepsis i eit multikulturelt samfunn. Hans leikande stil, der språk og identitet er i konstant rørsle, har vakt merksemd og engasjement hos eit breitt teaterpublikum i inn- og utland.
Regissør Frode Gjerløw vil ta fatt på Khemiri si fortelling med hovudet og hjartet som kompass. Saman med skodespelarane vil han leite etter individa som hamnar mellom barken og veden i eit svart-kvitt samfunn. Han spør; kor langt skal vi gå i den vestlege verda før vi ser bjelken i vårt eige auga? Det er tid for Invasjon!
AV Jonas Hassen Khemiri 
OMSETJING Kristin Auestad Danielsen 
REGI Frode Gjerløw 
LYSDESIGN Krystian Myska 
MEDVERKANDE: Idun Losnegård | Kadir Talabani | Reidun Melvær Berge | Stian Isaksen | Thomas Bipin Olsen
For billettar: http://bit.ly/2x4S1ai

Les også