FREDAG 16. MARS: GREENLAND WHALEFISHERS ...Vi feirar St. Patrick's Day på Larris Scene!

Publisert 08.03.2018 09:17, oppdatert 08.03.2018 09:18 - iforde.no - tips@stottmedia.no

Irsk punk med Greenland Whalefishers

Irsk-pønkarar på Larris Scene 16. mars.

Irsk-pønkerane i Greenland Whalefishers feira i 2014 sitt 20 års jubileum med dokumentarfilmen «20 Years Of Waiting» til strålande kritikkar, dei turnerte i Italia og England og brukte resten av året på innspeling av nytt studioalbum, det åttande i rekkja.
«The Thirsty Cave» heiter Greenland Whalefishers sitt siste album som blei spelt inn hos Iver Sandøy i Solslottet Studio på Bergen Kjøtt. Albumet blei gitt ut som LP på grønn vinyl med CD inkludert.

Greenland Whalefishers blei danna i Bergen i 1994, lenge før nokon... hadde hørt om band som Flogging Molly eller Dropkick Murphys. Med ei blanding av britisk punk og irsk folkemusikk blei bandet raskt eit av dei mest interessante i etterdønningane av Shane Macgowan og The Pogues.

Meir enn to tiår med turnering rundt hele verda, åtte album, DVD dokumentarfilm, bunkar med singlar og Ep’ar og ei mengde splitt utgjevingar, musikk til filmen ”Boondock Saints – All Saints Day” m.m, har undergrunns folkpunkerane i Greenland Whalefishers markert seg som eit av verdas mest kredible keltisk punk band.

Greenland Whalefishers har turnert i USA, Japan, England, Tyskland, Italia, Skottland, Polen, Tsjekkia, Nederland, Belgia, m.fl, og vil fortsette å turnere med meir trøkk og energi enn nokon gang i det som etter kvart kan kallast bandets endelause verdsturné. Det er alt dette harde arbeidet, turnéringa og erfaringa som får kritikarane til å applaudere Greenland Whalefishers sine plater og konsertar og seie; ”dette er sannsynlegvis eit av dei beste Keltisk Punk band du nokon gong får sjå opptre live”

For billettar og info

Les også