JAN EGGUM

Publisert 20.02.2018 14:07, oppdatert 20.02.2018 14:07 - - tips@stottmedia.no

JAN EGGUM

- konsert på Larris Scene!

Det blir sagt at Jan Eggum gjer melankolien eit ansikt, og om nokon skal bryte ned den myten må det være Jan Eggum sjølv. Eggum er dreven i møtet med publikum, veit kva dei vil ha og maler skarpe og vare betraktningar om moderne menneskjer på jakt etter noko å halde fast i. På scena osar han av humor, varme og livserfaring som dei fleste av oss berre kan oppleve på nettopp Jan Eggum konsert.
Som en viktig og markant skikkelse innan norsk visekunst og populærmusikk sidan midten av 70-talet, er Jan Eggum kjend for å være ein munter melankolikar. Han karakteriserer seg sjølv som ein artist som syng enkelt om vanskelege ting, hovudsakeleg om spenninga mellom personar. Musikalsk har han sitt utgangspunkt i visetradisjonen, med klare referansar til jazz og rock. Jan Eggum har mottatt fleire Spelemannsprisar, både som soloartist og som medlem av Gitarkameratene.
Sjølv om Jan Eggum no har gått frå å tilhøyra dei gamle unge til å tilhøyra dei unge gamle, viser han ingen teikn til å gje seg endå. Gjennom utretteleg turnering, stor suksess på turne med sin gamle makker Halfdan Sivertsen og som deltakar i TV2 programmet “ Hver gang vi møtes” viser Jan at han er like aktuell som nokon gang.

- Dørene opnar kl. 20:30 
- Konsertstart kl 21:30.
- Bill. kr. 349,- / kr. 299,- (studentar) I døra kr 399,-
- Aldersgrense 20 år.
- Sitteplasser.

Les også