KOKKEN TOR spelar på Sunnfjord Vinterfest laurdag 8.februar 2020

Publisert 28.01.2020 12:41, oppdatert 28.01.2020 12:43 - Erlend Dvergsdal - tips@stottmedia.no

KOKKEN TOR spelar på Sunnfjord Vinterfest laurdag 8.februar 2020

KOKKEN TOR spelar på Sunnfjord Vinterfest laurdag 8.februar 2020 på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde.
Dørene opnar kl. 21.00.
Kokken Tor kl. 23.45 på Larris Scene.
Killer Queen kl. 22.00 i Sunnfjordsalen.

 
KOKKEN TOR klar for «Sunnfjord Vinterfest» i
Førde laurdag 8. februar.
Kokken Tor er eit av Noregs mest populære og etterspurde band til å presentere
norsk rock på norsk.
 
KOKKEN TOR er eit norskrock coverband. Med eit repertoar som inneheld det absolutt
beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på
ein hardtslåande hit-konsert med låtar frå Dum Dum Boys, deLillos, CC Cowboys,
Ingenting og Postgirobygget m. fleire.
 
Bandet består av musikarar med bakgrunn frå
mange år på vegen i forskjellige band. I tillegg til eit energisk sceneshow er Kokken Tor
kjend for å gje det dei har for at lokalet skal koke opptil fleire gongar før arrangøren
kuttar straumen!
 
Bandet har dei siste åra jobba seg opp eit rykte for å være det
'galnaste' og 'råaste' norskrock partybandet som rullar langs norske vegar.
Kokken Tor har medlemar frå Sandane, Stryn, Bremanger og Florø: Vokal/gitar: Torbjørn
Gran, Gitar: Kim Arin Schei, Bass: Thomas Lillerovde, Trommer: Jan Otto Hovden / Åge
Nygård. Kokken Tor spelar på Larris Scene kl.23.45. Engelske KILLER QUEEN spelar i
Sunnfjordsalen kl.22.00 laurdag 8.februar i Førde.

Les også