Foto: Illustrasjon, Jostein Vedvik.

Publisert 27.01.2016 08:36, oppdatert 27.01.2016 08:36 - NTB - tips@stottmedia.no

Kommunereforma kan løyse opp Sogn og Fjordane

Bergens Tidende har snakka med ordførarar i fleire av kommunane som vurderer samanslåing. Sogn og Fjordane er ifølgje Kommunal Rapport det mest samanslåingsvillige fylket i landet, og sju av dei 26 kommunane er no i forhandlingar med kommunar i nabofylket.
Blant anna vurderer Aurland og Vik samanslåing med Voss i Hordaland, men det er berre eitt av fire konkrete prosjekt som går føre seg.
I nordvest har Vågsøy, Selje og Vanylven inngått ein intensjonsavtale om samanslåing, og sistnemnde krev at den nye kommunen skal inngå i Møre og Romsdal. Litt lenger aust fører Stryn og Hornindal samtalar med Volda og Ørsta frå Møre og Romsdal, mens Gulen og Masfjorden i sørvest har inngått ein intensjonsavtale om ein ny kommune som skal inngå i Hordaland.
– Dersom alle desse samanslåingane blir ein realitet, er ikkje fylket livsrett, seier Selje-ordførar Stein Robert Osland (KrF).
Andre ordførarar meiner samanslåing utanfor fylket ikkje nødvendigvis er eit problem. Mykje må framleis diskuterast. Kommunane har frist på seg til 1. juli med å fatte vedtak om dei ønskjer å slå seg saman. 
(©NPK)

Les også