Kjappe forbrukslån kan bli forbodne

Publisert 02.11.2016 09:33, oppdatert 02.11.2016 09:33 - NTB - tips@stottmedia.no

Kjappe forbrukslån kan bli forbodne

Forbruksgjelda til nordmenn er nesten dobla på åtte år. Ei utgreiing regjeringa har bestilt, konkluderer med at det kan bli forbode å marknadsføre «enkle, lette og raske» lån.

– Det er ein urovekkjande auke i forbrukslån, spesielt blant unge, seier forbrukarminister Solveig Horne (Frp) til VG. Slike lån blir gjerne marknadsført med lett tilgang, lån til kva du vil og at det går raskt å få pengar på konto.

Regjeringa har no fått ei utgreiing frå den danske juristen Tanja Jørgensen som konkluderer med at direkte marknadsføring av forbrukslån kan bli forbodne, og at det også kan bli forbode å marknadsføre forbrukslån som oppfordrar til «uansvarleg låneopptak».

– Det inneber formuleringar som at ein «raskt» får lån, og at det er «enkelt» og «lett» å få, heiter det.
Forbrukarrådet foreslo det same for to år sidan.

– Vi er bekymra for utviklinga. Det har komme fleire nye aktørar, og forbrukslån er ei vekstnæring. Det er vår bestemte oppfatning at marknadsføringspresset har auka både i tone og omfang, seier fagdirektør Jo Gjedrem i Forbrukarombodet. 

(©NPK)

Les også