Klarsignal for bygging av protonsenter

Publisert 20.05.2020 11:18, oppdatert 20.05.2020 11:18 - Støtt Media - tips@stottmedia.no

Klarsignal for bygging av protonsenter

Bygginga av protonsenter på Haukeland universitetssjukehus starter over sommaren. Det er klart etter at styret i Helse Vest har godkjent forprosjektet. Protonsenteret vil stå ferdig i 2024, og skal saman med det nye senteret på Radiumhospitalet i Oslo gje eit tilbod om protonbehandling til kreftpasientar i heile Noreg.

  

Protonbehandling er ei meir skånsam form for stråleterapi enn tradisjonell strålebehandling, og vil redusere faren for langtidsbiverknader og seinskader. Protonbehandling skal bidra til at fleire kan leve eit normalt liv etter kreftsjukdom, og behandlinga er blant anna godt egna for barn og unge. Det er i dag ikkje noko tilbod om slik behandling i Noreg. Nokre pasientar får behandling i utlandet.

– Vi er veldig glade for at arbeidet med utvikling av eit nytt, framtidsretta tilbod til kreftpasientar no kan starte opp. Forprosjektet skisserer eit solid og realistisk byggjeprosjekt. Dette betyr mykje både for pasientane og fagmiljøa innanfor forsking og utvikling, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.

Arbeidet med å planleggje etablering av protonbehandling i Noreg starta i 2012. I 2018 blei det vedteke at det det skal etablerast to protonsenter i Noreg, eit i Helse Sør-Øst ved Oslo universitetssykehus HF, Radiumhospitalet, og eit i Helse Vest ved Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus.

Skal byggjast ved Haukeland universitetssjukehus

Protonsenteret skal lokaliserast tett opptil Haukeland universitetssjukehus, ved Haukelandsbakken 45, med heis og tunnelforbindelse til Sentralblokka. Bygget er over 5 etasjar med eit bruttoaral på 10 700 kvm. Protonsenteret blir eit svært teknisk avansert bygg som vil tilby høgspesialisert behandling til kreftpasientar i heile landet, seier Bryne.

Kostnadsramma er sett til 1.142 millionar kroner. Drifta er planlagd starta i 2024 med opptrapping til full drift i 2027/28.

Les også