Kva gjer vi når lysa vert sløkte?

Publisert 17.11.2016 13:52, oppdatert 17.11.2016 17:59 - Børje Fonn Skaar - tips@stottmedia.no

Kva gjer vi når lysa vert sløkte?

Netthandelen aukar stadig og no er det verkeleg på tide at vi tek eit val – netthandel eller lokale butikkar, skriv journalisten.

Kommentar: Forleden var vi ute langs vegane og knipsa bilete i Førde og omegn. Målet var å fange den berømte «julestemninga» gjennom kameralinsa, og ein merka raskt at det er handelsstanden som står for store deler av denne omtalte stemninga – spesielt sidan det kvite pudderet glimra med sitt fråvær – med julelys og dekorasjonar som strekk seg gatelangs over store delar av byen.

Framtida ser ut til å bere preg av eit mindre og mindre snødekka bybilde i desember.

Kva skjer om lysa vert sløkte i butikkvindauga også?

For med netthandelen som stadig aukar, er det ein realitet.

Konkurransen i marknaden er vorte hardare dei siste åra. Store kjedar pressar ut mindre butikkar med betre innkjøpsvilkår. Netthandelen aukar som sagt. I 2014 omsette netthandelen i Norge for 18.5 milliardar kroner. Veksten på nett var fire gongar så høg som i butikkhandelen, ifølgje Statistisk sentralbyrås terminvise omsetningsstatistikk

Årsaka er enkel, og er ein kombinasjon av latskap og billegare varer.

Spørsmålet burde vere om vara eigentleg er så mykje billegare på nett? 

Før du klikkar på kjøpknappen, har du tatt vegen innom din lokale butikk og undersøkt om dei har same vare til same pris?

Eg mistenker at svaret er nei på begge spørsmåla.

Det er ikkje naboen din som ser over den elektroniske bestillinga, eller sender deg vara. Ikkje er det netthandeloperatøren som tar seg strevet med å pynte julegata utanfor vindauget ditt, eller gir deg ei god og personleg anbefaling til kva merke ski-par som passar akkurat deg og dine behov. 

Men naboen din kan gjere det, og slik håper eg at det er i framtida også – at det er min nabo som ønskjer deg velkommen med eit smil når du treng din neste tunika.

3095894190_b57f78bc18_b

- Vi held på å rette oss inn mot netthandelen, det må vi, men det er jo fortsatt slik at det er her i butikken eg ønskjer at kundane skal kome. Så det blir meir for å vise kva vi har i hyllene våre. Eg vil helse på kunden eg.

Såre enkelt sagt av Reidar Helgheim, som driv foto- og smykkebutikk på Skei i Jølster. Kor presis satsinga er i desse tider kan vere ein annan diskusjon, men i det minste er den både ærleg og genuin. 

Så er det opp til deg å halde liv i butikken som har stått der i over 70 år.

For det er du som bestemmer.

Om verdien av ein arbeidsplass i lokalsamfunnet kan målast mot krona du sparer på di nettbestilling.

Eg unner Helgheim sin arbeidsplass. Eg unner min granne ein arbeidsplass.

Det burde du også.

- God julehandel (i Sogn og Fjordane).

Les også