Lastebilulukke - ein person skadd

Publisert 26.01.2018 10:41, oppdatert 26.01.2018 10:46 - Førdeby - tips@stottmedia.no

Lastebilulukke - ein person skadd

- Det er fare for at lastebilen sklir utfor ei bratt skråning, seier politiet.

Hornindal: Det melder NRK Sogn og Fjordane fredag føremiddag.

Klokka 10.15 melder politiet at ein lastebil har køyrt av vegen i ei trafikkulykke i Hornindal.

- Det blir fortalt at ein lastebil ligg halvvegs kvelva utfor vegen, og at det er fare for at den kan skli ut forbi eit stup eller ei bratt skråning, seier Terje Magnussen, som arbeidar ved politiet sin operasjonssentral.

Ifølgje Firda.no sit ein person fastklemd som følgje av ulukka.

- Eg veit førebels ikkje kor skadd den fastklemde er, men det skal vere snakk om skader i bein, seier Magnussen til avisa.

Det er bestilt tungbergar for å hindre at lastebilen skal skli utfor stupet.

Les også