Moms opp - skatt ned

Publisert 12.10.2017 11:26, oppdatert 12.10.2017 11:26 - - tips@stottmedia.no

Moms opp - skatt ned

Statsbudsjettet vart presentert torsdag føremiddag. Skattesatsen for bedrifter og personar senkast til 23 prosent, medan momsen aukar. Det blir også meir pengar til veg, medan jernbanen får mindre å rutte med neste år. 

Den lågaste momssatsen på 10 prosent blir auka til 12 prosent. Det vil råke dei som går på kino eller museum. 

Dei ansvarlege for togtrafikken i Norge får seks milliardar mindre dersom statsbudsjettet som Høgre og Framstegspartiet får det som dei vil. 

Vegsektoren ser ut til å bli ein vinnar, med 2,6 milliardar meir neste år. Det er ei auke på heile 7,7 prosent. 

Skatt på private senger

Airbnb har blitt ein konkurrent til hotella. Denne formen for korttidsutleige (under 30 dagar) skal skattleggast slik at konkurransevilkåra blir like. 

Rusomsorgen skal styrkast med nesten 2,5 milliardar kroner i perioden 2016-2020.

Også forskingsfeltet blir kraftig styrka, forslaget frå Regjeringa er at det skal brukast i overkant av 9 milliardar kroner til forskning og innovasjon, og til dei ulike skattefrådraga som er knytt til slik verksemd. 

Det blir satt av 300 millionar kroner mindre til dagpengar neste år. 

Det er og framlegg om å ta inn færre kvoteflyktningar enn no, Regjeringa vil tilbake til 2015-nivå og ta inn 1120 kvoteflyktningar i 2018. 

Kollektiv i byane

Det ligg inne ei ekstrabevilging på 300 millionar kroner til Bybanen i Bergen, og kollektivtilbodet i byane skal styrkast generelt. 

Også sjukehusa blir tilgodesett med meir midlar neste år, ei auke på 1,5 milliardar kroner er nesten 2 prosent opp frå 2017. 

Skal rydde på Svalbard

Det ligg ikkje inne midlar til oppstart av kolgruvene på Svalbard. I staden ligg det inne 141 millionar kroner til å rydde opp etter gruvedrifta i 2018. 

NRK-lisensen vil auke med 55 kroner dersom Regjeringa får det som dei vil. Det er NRK sjølv som melder dette.

Høgskulen på Vestlandet får 1,7 millionar kroner meir. UiB kan vente seg den same auken over nyttår. 

Barn like mykje verdt

I budsjettet for neste år er det lagt opp til lik sats for barnetrygd som i år. Dermed er barne dine nøyaktig like mykje verdt etter at champagnen er drukke og nyttårsrakettane skotne opp. I alle fall i Staten sine auge. 

Dersom du pendlar, og har kokemuligheiter i pendlarbustaden, får du ikkje trekke frå utgifter til mat neste år. Dette vil i følge NRK råke 100.000 pendlarar som kvar må rekne med å betale 6500 kroner meir i skatt i 2018. 

Den offentlege portalen Altinn skal styrkast med 55 millionar kroner neste år, etter at denne har lidd av sammenbrot når for mange vil sjekke sjølvmeldinga samstundes. 

I alt er det lagt opp til å bruke 1325 milliardar kroner over Statsbudsjettet neste år. 

Les også

annonsørinnhold
Vinn ein iPhone 7
Vinn ein iPhone 7