Mot nytt rekordår for turistnæringa

Publisert 25.07.2016 11:03, oppdatert 25.07.2016 11:03 - NPK - tips@stottmedia.no

Mot nytt rekordår for turistnæringa

Reiseoperatørar fleire stader i landet fortel om «all time high». Ifølgje NHO Reiseliv går det mot ein ny rekordsommar – for tredje året på rad.

Aftenposten har snakka med turistkontor fleire stader i Noreg, og alle fortel om gode tal. 

 Statistikken for sommaren er enno ikkje tilgjengeleg, men så langt viser tal frå SSB at talet på utanlandske overnattingar på hotell, hytte og campingplassar auka med 8 prosent i perioden januar-mai, samanlikna med same perioden i fjor.– Tilbakemeldingane frå store delar av landet er at vi går mot rekordsommar for tredje året på rad. Det er svært oppløftande, seier kommunikasjonsdirektør Merete Habberstad i NHO Reiseliv. 2015 var eit rekordår for utanlandsk turisme i Noreg, og talet på kommersielle gjestedøgn for denne gruppa auka med 8 prosent frå året før.  Turistane som kom, la att meir pengar enn tidlegare. (©NPK)

Les også